Lastar Hendingar

Lynkurs i framtidsretta organisering

1. september - 31. oktober

Rett person på rett plass - eit spennande kurs for leiarar i små og mellomstore verksemder. Kurset vert arrangert til hausten - dato kjem!

Fremtidsrettet2

Visste du at 70 til 80 prosent av verdas største og/eller mest suksessfulle verksemder er bygd opp etter nye prinsipp, som skil seg frå meir tradisjonelle måtar å strukturere organisasjonar på? Dette skapar langt betre samla ressursutnytting, deler inn organisasjonen basert på at me menneske er ulike, og legg dermed eit mykje betre grunnlag for rett person på rett plass. Dette høgaktuelle kurset med Victor Jensen vil du ikkje gå glipp av! På denne samlinga vil leiarar og tilsette i både små og større verksemder få nye perspektiv, fagleg input og idear til korleis ein kan strukturera verksemda på meir føremålstenleg vis.

Victor er cand.polit, styreleiar i Styreakademiet Noreg og styremedlem i Styreakademiet Vestland, og dessutan deleigar, styreleiar og styremedlem i ei rekkje selskap. Han har òg bakgrunn som leiaransvarleg, personalsjef og strategiansvarleg innan finans. Til dagleg arbeidar han som rådgivar innan eigarskap, styre og leiing. Victor er dessutan rådgivar innan reorganisering og organisasjonsutvikling – både på landsbasis og internasjonalt.

Haust 2024 (dato og lokasjon kjem).