Frå idé til etablering
Ditt spirande selskap vert mellom anna vurdert ut i frå kriterier som marknad, vekst, evne til gjennomføring og vilje til å ta risiko i form av tid og andre ressursar.
Me hjelper deg gjerne med alt knytt til desse tre fasane gründerar går igjennom:
Gründerakademiet - di starthjelp for å lukkast?
Gründerakademiet er eit verktøy for etableraropplæring, og rettar seg mot gründerar som er i ide-, plan- eller oppstartsfase, og opptil ca 2 års drift. Akademiet har eit gjennomarbeidd program som har gitt høg suksessrate for gründerar og oppstartsverksemder.
Hardanger og Voss Næringshage tilbyr kurs med informasjon, diskusjon, fagleg påfyll og utfordringar for å rusta deg som gründer til å lukkast enda betre med satsninga di. Her vil du blant anna læra om kundereisa, marknadsforståing, økonomi, forretningsplan, nettverk, strategi og salspitch.
Gründerakademiet vert gjennomført som digitale og fysiske samlingar. Ta kontakt med Næringshagen for å finne ut når neste kursrekkje vert arrangert.