Om Næringshagen
Hardanger og Voss Næringshage skal vera ei drivkraft for utvikling i regionen vår. Samlande, framsynt og kunnskapsrik. Me er ein naturleg partner i lokal og regional næringsutvikling.

Medlemmane er dei viktigaste menneska i arbeidsliva våre, og å skapa resultat for dei er vår sterkaste kjelde til indre motivasjon. Sentrale verdiar hjå oss er ansvarlegheit og engasjement. Me er 16 dedikerte og entusiastiske medarbeidarar fordelt på kontoret vårt i Øystese og på Voss.
Som ein del av det statlege verkemiddelapparatet gjennom Siva, og deltakar i næringshageprogrammet, får me årlege utviklingsressursar slik at me kan tilby gode, rimelege og lokale rådgjevingstenester, med folk som bryr seg og forstår dine utfordringar. Støtta frå Siva går indirekte til vekstbedrifter, såkalla målbedrifter, som vert tekne opp etter visse krav i Næringshagen. Dei får avtale om rabatterte tenester som skal hjelper dei til å vekse og utvikle seg. Ei målbedrift må ha potensial og vilje til vekst og utvikling for at Næringshagen skal kunne hjelpe dei. Sjekk ut våre medlemsfordelar.
Gode møteplassar og nettverk er viktig for å dyrke samarbeidet. Dette er heilt grunnleggande for å utvikle næringslivet på tvers av kommunegrenser og regionar. Av fellesaktivitetar arrangerer me ei rekke kurs, kompetansetiltak og medlemsmøter. Sjå alle arrangementa våre her.