Prosjekt Næringshagen
Prosjekta Næringshagen er involvert i, tek gjerne utgangspunkt i lokale- og regionale behov frå næringslivet, eller me har sjølv initiert dei. Me tek på oss ansvaret for prosjektleiing i overordna forstand, eller me kan koplast på ein eller fleire av dei ulike prosjektfasane. Dette kan typisk vera ved etablering, marknadsendring, vidareutvikling eller andre tidsperspektiv knytt til verksemdvekst.
Hardanger og Voss Næringshage tek også initiativ til strategiske utviklingsprosjekt, nyvinningar eller kompetansehevande tiltak. Prosjekta som me skipar sjølv, kjem ofte i stand etter ynskje frå våre medlemsverksemder. Her søkjer me om offentlege midlar for prosjektet, slik at det kan gjennomførast lokalt i regionen.
Me tilbyr eigne avtalar på prosjektleiing, der kundane har behov for dette over ein lengre periode.
Nokre av prosjekta me er involvert i:
Næringshage-samarbeid
Hardanger og Voss Næringshage tilbyr tenestene våre i alle seks kommunar som omkransar Hardangerfjorden. Me er ein særs prisgunstig rådgjevar og støttespelar, og bidreg med rådgjeving innan forbetringsprosessar, strategi, økonomi, marknadsføring, organisasjonsutvikling eller andre fagrelevante område.
Les meirBerekraftig reisemålsutvikling
Sommaren 2021 fekk Voss tildelt Merket for berekraftig reisemål av Innovasjon Norge. Visit Voss har saman med reiselivsaktørane og anna næringsliv på Voss jobba målretta med berekraft sidan 2019, og arbeidet vil halda fram i åra som kjem.
Les meirUtdanningsprosjekt
Me jobbar for å legge til rette for eit fleksibelt og desentralisert utdanningstilbod i regionen, som næringslivet etterspør.
Les meirMathuset i Hardanger
Prosjektleiing for å få ny aktivitet i Meieribygget i Øystese etter nedlegginga av produksjonen til Tine ASA.
Les meirReiselivsutvikling på Kvamskogen
Reiselivsutvikling på Kvamskogen skal gjere Kvamskogen til eit betre reiselivsprodukt tufta på berekraft og lokal forankring.
Les meirSirkulære Voss
Sirkulære Voss skal kartleggje potensiale for sirkulære prosessar på Voss, og bidra til grøn omstilling og nyskaping i regionen Voss og omegn.
Les meir