Sirkulære Voss
Sirkulære Voss skal kartleggje potensiale for sirkulære prosessar på Voss, og bidra til grøn omstilling og nyskaping i regionen Voss og omegn.

Hardanger og Voss Næringshage er prosjekteigar- og leiar, i tett samarbeid med Voss herad og Indre Hordaland Miljøverk. Prosjektperioden er frå 2022-2023, og forprosjektet er finansiert med midlar frå Vestland Fylkeskommune og Voss herad.
Prosjektet skal identifisera potensiale for sirkulære prosessar innad i kommunen, og skapa nye grøne arbeidsplassar knytt til resirkulering/gjenvinning, reparasjon/oppsirkulering, deleløysingar, gjenbruk og design for sirkularitet. Prosjektet skal synleggjere korleis sirkulærøkonomi kan vera eit ledd i å omstille regionen til eit lågutsleppssamfunn for å nå klimamåla, og bidra til å skape grøn konkurransekraft.
Les rapporten: Auka ressursutnytting i Voss herad: Kva har me, og korleis kan me samarbeida for mindre klimaavtrykk og fleire arbeidsplassar?
Prosjektet består av fire arbeidspakkar;
- Kartleggje potensiale for sirkulær verdiskaping på Voss og utforske moglegheitane for nye sirkulære forretningsområder i ulike bransjar
- Gjenbruksstipend og gründerstøtte
- Samarbeid med IHM og prosjektet Voss biopark for å tiltrekke nye bedrifter til Voss
- Utvikle ein HUB og kunnskapssenter for sirkulær nyskaping i regionen
Målet med arbeidet er å legge grunnlaget for betre ressursutnytting i den enkelte verksemd, mellom lokale verksemder, og moglegheita til å byggje meir industri på sirkulære prinsipp med utgangspunkt i ressursane i regionen. Dette arbeidet blir fyrst verkeleg effektfullt for regionen og for næringsaktørane om alle bidreg med innspel til arbeidet.
Me har engasjert selskapet Green House til å gjennomføre kartlegginga av potensiale for sirkulære prosessar på Voss. Dei er blant landets fremste miljø på sirkulær ressursutnytting, utvikling av sirkulær industri, og forretningsmodellar. Dei har brei erfaring med ressurskartlegging, og arbeid med korleis me kan skape meir ut av ressursane som finnes i vår region.