Utdanning

Med støtte frå Kunnskapsdepartementet, Vestland Fylkeskommune og dei seks eigarkommunane, skal Hardanger og Voss Næringshage jobbe for at fleire personar i regionen skal få tatt etter- og vidareutdanning i vår region.

Foto: Visit Hardangerfjord

Foto: Visit Hardangerfjord

Det som starta som eit utdanningsprosjekt i 2020 vart i 2023 formalisert til HVK Studiesenter. HVK Studiesenter skal sikre relevant og framtidsretta utdanning i vår region. Me fungerer som ein fysisk eining som legg til rette for desentralisert etter- og vidareutdanning i samarbeid med utdanningsinstitusjonar og tilbydarar. Utdanningstilboda skal baserast på etterspurnad etter kompetanse i lokalt og regionalt arbeidsliv.

Som eitt av totalt fire Studiesenter i Vestland, dekkjer HVK Studiesenter kommunane Eidfjord, Kvam, Kvinnherad, Ullensvang, Ulvik og Voss. For å byggje studentmiljø er det etablert seks Studentstover, ei i kvar kommune. Dette er eit tilbod for studentar som både bur permanent i regionen, er på besøk, eller som er heime i kortare eller lengre periodar.

Bakgrunn:

Hardanger og Voss Næringshage starta i samarbeid med Næringshagen i Ullensvang og Kvinnherad Næringsservice starta eit utdanningsprosjekt i 2020.

Prosjektet hadde ei to-delt målsetjing:
• Frå prosjekt til varig tilbod: Gå frå prosjektfinansiering til fast finansiering
• Tilby fleksible og desentraliserte tilbod som næringslivet etterspør.

Prosjektet hadde som hovudmål å etablere eit studiesenter/kompetansehub for Voss, Hardanger og Kvinnherad som samarbeider med utdanningsinstitusjonar, fylket, NAV og andre naturlege samarbeidspartnarar om formell utdanning.