Vil du jobba med oss?
Ikkje nøl med å kontakta oss dersom du er på jakt etter nye utfordringar, eller for meir informasjon!

Me er alltid interessert i å komma i kontakt med kandidatar som har ein spennande bakgrunn med tanke på utdanning, arbeidserfaring og andre relevante kriterium. Send difor gjerne inn ein open søknad og CV!
Hardanger og Voss Næringshage jobbar med næringsutvikling på både makro- og mikronivå: I overordna forstand, å utvikla heile regionen mellom anna gjennom større og mindre prosjekt. I tillegg driv me konsulentarbeid opp mot enkeltverksemder relatert til vekst- og utviklingsprosessar. For næmare beskriving av tjenesporteføljen vår, ta ein titt på rådgjeving, gründerhjelp, prosjekt og arrangement. Me har kontorlokale i Voss og Øystese, og det geografiske nedslagsfeltet vårt er alle dei seks kommunane som omkransar Hardangerfjorden.
Du har truleg høgare utdanning og mykje erfaring innan til dømes prosjektarbeid, næringsutvikling og/eller bedriftsrådgjeving. Ikkje nøl med å kontakta oss dersom du er på jakt etter nye utfordringar, eller for meir informasjon! Alle handsamingar vert behandla konfidiensielt.
Send til post@hardangervoss.no.