Lastar Hendingar

Bygg- anlegg og eigedomsforum + Last Tuesday: Korleis kan næringslivet påverka politiske planprosessar?

31. oktober 2023 kl 14:00 - 15:30

Denne gongen slår me saman Last Tuesday og Bygg- anlegg- og eigedomsforum. Bli med på ei matnyttig oppdatering frå Voss herad! Arrangementet er fullt.

Website in under construction banner flat design. Web page building process concept. Modern thin line vector illustration.

Voss herad skal straks i gang med rullering av planstrategi og kommuneplan. Korleis kan du medverka og kva er rett tidspunkt for å involvera seg?

Korleis vil føringar lagt i Vossaklima 2030 kunna påverka framtidig arealplanlegging i Voss herad? Voss herad ønskjar å gje relevant informasjon til næringslivet om prosessane framover. 

Vidare vil me få ein presentasjon av Voss Næringsråd, før me får ei oppdatering frå næringssjef på spennande prosekt, mellom anna Grønt hytteliv, Lys i gamle hus og tilflyttarprosjektet

Tid:  tysdag 31. Oktober 14.00 – 15.30 
Stad: heradsstyresalen, Voss tinghus

Program:  

14.00: Korleis kan du påverkja planane i Voss herad? v/ spesialrådgjevar Voss herad, Gunnhild Utkvitne, 

14.30: Kaffi/enkel servering

14.50: Presentasjon av Voss Næringsråd v/ leiar Næringsrådet, Narve Gjeraldstveit

15.00: Oppdatering frå næring v/næringssjef Voss herad, Kaia Finne

15.30: Avslutning

 NB! Då dette temaet er interessant for fleire næringar vil Bygg- anlegg og eigedomsforum og Last Tuesday slåast saman denne gongen. 

 

Me sjåast på Tinghuset!

Arrangementet er fullt.

 

Lokale

Voss tinghus
Uttrågata 9
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart