Miljøfyrtårn
Hardanger og Voss Næringshage har som føremål å redusere selskapets miljøbelastning, samt å inspirere og motivere medlems- og målbedrifter til å bevege seg i ei grønare og meir berekraftig retning. Difor har me sertifisert oss som Miljøfyrtårn.

Å vera Miljøfyrtårn stiller krav til oss på ei rekkje område knytt til grøn omstilling, berekraft og miljø. Døme på dette er avfallssortering, energibruk, transport, val av leverandørar, innkjøp, og fysisk og psykososialt arbeidsmiljø.
Kva er Miljøfyrtårn?
Miljøfyrtårn er ei norsk miljøsertifiseringsordning som hjelp verksemder med å jobbe systematisk og målretta for å forbetra sine miljøprestasjonar. Miljøfyrtårn er anerkjend ved offentlege innkjøp og godkjent som dokumentasjon i anbudskonkurransar.
Vår miljøpolicy
Hardanger og Voss Næringshage jobbar kontinuerleg med å bidra på miljø- og berekraftsfronten. Me ynskjer å ha eit trygt og godt arbeidsmiljø for alle tilsette, overhalde krav som gjeld vår verksemd, og inspirere våre medlemmar til å utvikle seg i berekraftig retning.
Våre fokusområder:
- Redusere reising gjennom god planlegging
- Skape eit godt fysisk og psykososialt arbeidsmiljø
- Inspirere og bistå medlemmane våre til å bli Miljøfyrtårnsertifisert
- Ta initiativ til å ha sentrale roller i regionale prosjekt med miljø- og berekraftsfokus
Har du spørsmål eller andre innspel til berekraftsarbeidet vårt generelt, eller Miljøfyrtårn spesielt? Kontakt i så fall miljøfyrtårnansvarleg i Hardanger og Voss Næringshage, Nils Lavik, på nils@hardangervoss.no