Gåvekort frå Voss Sentrum – ei gåve som vert brukt lokalt

Ser du etter ei gåve som passar til nesten alle? Med gavekort frå Voss Sentrum kan mottakaren sjølv velja kva gåva skal bli til, samtidig som du støttar lokal handel på Voss.

Gavekortet kjøper du enkelt på nett eller hjå oss i Voss Turistinformasjon.

Voss Sentrum gåvekort: kort fortalt

Voss Sentrum-gåvekortet er eit gåvekort for lokal handel på Voss. Gåvekortet kan kjøpast digitalt eller hjå Voss Turistinformasjon og brukast hjå verksemdene som er tilknytta gavekortordninga.

Gjester som bur her, et på restaurantane, handlar i butikkane og nyttar lokale aktivitetar og opplevingar, skapar verdiar for mange. Samstundes er eit levande sentrum ein viktig del av opplevinga av Voss.

På Vangen finn du butikkar, kafear, restaurantar og nisjebutikkar, med kort veg til Voss stasjon, Vangsvatnet, Voss Gondol og opplevingar vidare ut i bygda.

 

Kjøp: Privatpersonar og bedrifter kan kjøpe gåvekortet på nett.

Beløp: Vel mellom 10 og 10 000 kroner.

Bruk: Hos deltakande butikkar og tenestestader i Voss Sentrum.

Mobil: Visa-gåvekortet kan brukast direkte frå Apple Wallet og Google Wallet.

Bedrift: Bedrifter kan betale med kort eller EHF-faktura.

Saldo: Sjekkast i Mine Gavekort-appen eller på saldo.app, avhengig av korttype.

Gyldigheit: 12 månader frå kjøpsdato.

Takk for at du handlar lokalt

Når du handlar lokalt, skjer det meir enn berre ein handel.

Du bidreg til arbeidsplassar, aktivitet og eit levande sentrum. Du støttar butikkane, serveringsstadene og verksemdene som er med på å skapa Voss slik me kjenner det.

Voss Sentrum og Visit Voss arbeider saman for eit levande Voss året rundt, ein god stad å bu, besøka, driva verksemd og handla.

Eit gavekort frå Voss Sentrum er difor ikkje berre ei gåve til den som får det.

Det er også ei lita investering i lokalsamfunnet.

1
bruktmarknad sommer 2021

Gåvekort til tilsette, kundar og samarbeidspartnarar

Skal bedrifta di kjøpe gåvekort?

Voss Sentrum-gåvekortet passar godt som gåve til tilsette, kundar og samarbeidspartnarar, samtidig som pengane blir brukte hjå lokale verksemder på Voss.

Som bedriftskunde kan du:

  • kjøpe eitt eller fleire gåvekort (så mange du vil!)
  • betale med kort eller bedriftsfaktura/EHF
  • søkje opp bedrifta direkte frå Brønnøysundregistera for fakturainfo
  • velje mottakar, design og helsing etter betaling

Ei gåve med mange moglegheiter

På Voss finn du eit variert utval av butikkar, kafear, restaurantar og nisjebutikkar. Her kan ein kombinera handel med lokalmat, kafébesøk, kultur og opplevingar, med korte avstandar!

Med eit Voss Sentrum-gavekort kan mottakaren sjølv finna noko han eller ho faktisk har lyst på.

Ofte stilte spørsmål om Voss Sentrum gåvekort

Kvar kan eg kjøpe gavekort frå Voss Sentrum?

Du kan kjøpe Voss Sentrum-gåvekortet på nett. Trykk på «Kjøp gavekort» på denne sida for å gå direkte til gavekortbutikken.

Kvar kan Voss Sentrum-gavekortet brukast?

Gavekortet kan brukast hos verksemdene som er tilknytta gavekortordninga til Voss Sentrum. Sjå den oppdaterte oversikta over brukerstader i gavekortløysinga.

Kor mykje kan eg kjøpe gavekort for?

Du kan velje eit beløp frå 10 til 10 000 kroner per gåvekort.

Kan Voss Sentrum-gåvekortet leggjast i Apple Wallet eller Google Wallet?

Ja. Den digitale Visa-versjonen av Voss Sentrum-gåvekortet kan leggjast direkte i Apple Wallet eller Google Wallet.

Gåvekortet fungerer då omtrent som eit vanleg kontaktlaust betalingskort. Mottakaren held mobilen mot betalingsterminalen for å betale.

Kortet er likevel eit lukka gåvekort og kan berre brukast hos verksemdene som er med i Voss Sentrum si gåvekortordning.

Virkar Voss Sentrum-gåvekortet i alle betalingsterminalar?

Ja. Visa Wallet-gåvekortet fungerer kontaktlaust i betalingsterminalane hos verksemdene som deltek i gåvekortordninga, uavhengig av kva terminal- eller kassesystemleverandør verksemda bruker.

Det betyr at verksemdene ikkje treng ei eiga teknisk integrering for å ta imot Visa Wallet-gåvekortet.

Korleis sjekkar eg saldoen på Voss Sentrum-gåvekortet?

Det kjem an på kva type gåvekort du har.

Visa-gåvekort i Apple Wallet eller Google Wallet:
Saldo og transaksjonar finn du i Mine Gavekort-appen. Opne appen og trykk på gåvekortet ditt. Visa-kortet er tokenisert i den digitale lommeboka og har derfor ikkje eit vanleg kortnummer som kan brukast til saldosjekk på nett.

Digitalt QR-gåvekort:
Saldo og transaksjonshistorikk finn du direkte i Mine Gavekort-appen. Du kan også sjekke saldo på saldo.app ved å bruke kortnummeret på gåvekortet.

Fysisk gåvekort:
Fysiske plastkort har eit kortnummer. Dette kan brukast på saldo.app for å sjekke gjeldande saldo og transaksjonshistorikk.

Sjekk saldo her

Kan bedrifter kjøpe Voss Sentrum-gåvekort?

Ja. Bedrifter kan kjøpe Voss Sentrum-gåvekort og bruke dei til dømes som gåver til tilsette, kundar eller samarbeidspartnarar.

Ved kjøp vel du Bedrift, søkjer opp verksemda og vel ønskja betalingsmåte.

Kan bedrifter betala med faktura eller EHF?

Ja. Bedrifter kan velje bedriftsfaktura med EHF som alternativ til kortbetaling.

Bedriftsinformasjonen blir henta automatisk frå Brønnøysundregistera når du søkjer opp verksemda. Det gjer kjøpsprosessen enklare, og du slepp å leggje inn organisasjonsnummer og adresse manuelt.

Dette er spesielt nyttig for verksemder som ønskjer å kjøpe fleire gåvekort til tilsette, kundar eller samarbeidspartnarar.

Kven administrerer Voss Sentrum-gåvekortet?

Voss Sentrum og Visit Voss administrerer gåvekortordninga og er avtalepart med iGive.

Voss Turistinformasjon handterer den daglege lokale administrasjonen og dei fysiske gåvekorta.

iGive leverer den tekniske løysinga, nettbutikken, den digitale gåveopplevinga og kundestøtte knytt til sjølve gåvekortet.

Deltakande verksemder og Voss Sentrum/Visit Voss har tilgang til relevant rapportering og saldooversikt.

Korleis kan butikken min bli med i Voss Sentrum si gåvekortordning?

Butikkar og tenestestader som ønskjer å delta, melder seg inn gjennom Voss Sentrum, Visit Voss eller Voss Turistinformasjon.

Det er ikkje nødvendig å inngå ein separat gåvekortavtale med iGive.

Voss Sentrum/Visit Voss administrerer kva verksemder som er godkjende brukarstader.

For Visa Wallet-gåvekortet treng butikken heller inga teknisk integrering med kassesystemet. Betaling skjer kontaktlaust gjennom betalingsterminalen

Kor lenge er Voss Sentrum-gåvekortet gyldig?

 

Voss Sentrum-gåvekortet er gyldig i 12 månader frå kjøpsdato.

Etter utløpsdatoen blir eventuell resterande saldo sletta, og gåvekortet kan normalt ikkje brukast eller forlengjast. Me anbefaler derfor at gåvekortet blir brukt innan gyldigheitsperioden.