Medlemskap
Medlemskap er veleigna for absolutt alle verksemder og gjev mellom anna moglegheit for deltaking på arrangement og kurs i vår regi for dei som ynskjer det og tilgang til Næringshagen sitt nettverk, ressursar og kompetansemiljø.
Næringshagen er ein del av det nasjonale næringshageprogrammet, eit distriktspolitisk verkemiddel for å skapa vekst og utvikling utanfor folkerike byområde i Noreg. Dette inneber – for medlemmar – sterkt rabattert pris på rådgjevingstenestene våre.
Medlem med rådgjeving
- For verksemder som ynskjer bistand til vekst og utvikling.
- Situasjonsanalyse og behovskartlegging
- Rådgjeving og bistand
- Årleg oppfylging
- Medlemspris på kurs og kompetansehevande tiltak
- Medlemspris på medlemsmøte
- Nyhendebrev
- Tilgang til Næringshagen sine nettverk, ressursar og kompetansemiljø
- Profilering på vår heimeside
Medlem utan rådgjeving
- For absolutt alle, uavhengig av bransjestilknyting og storleik.
- Medlemspris på kurs og kompetansehevande tiltak
- Medlemspris på medlemsmøte
- Tilgang til Næringshagen sine nettverk, ressursar og kompetansemiljø
- Nyhendebrev
- Profilering på vår heimeside
Medlem - reiseliv og handel
- Eit felles medlemskap for verksemder på Voss som lever av, eller tener på, handel, turisme og reiselivet. Og for alle som ønskjer eit dynamisk, levande Voss med yrande folkeliv (Voss Sentrum + Visit Voss).
- Medlemspris på medlemsmøter
- 1:1 oppfylgjing og besøk etter behov
- Tilgang til Næringshagen sine nettverk, ressursar og kompetansemiljø
- Nyhendebrev
- Profilering og promotering i Visit Voss sine kanalar
- Strategisk pressearbeid og digitale kampanjar, inkludert fjordnorway.com og visitnorway.com og Innovasjon Noreg
- Synlegheit og sal via turistinformasjonen
- Særs effektiv og prisgunstig annonsering og salsutløysande marknadsføring
- Gåvekort frå Voss Sentrum
- Direke påvirkning på strategi og framtida til Voss og Voss Sentrum
- Demokratisk tilgang til B2B-satsinga: Synlegheit og marknadsføring. Visningsturar, "Try Voss" ++
- Norwegian Travel Cluster og vårt nettverk
- Deltaking i digitalisering og satsinger på destinasjonsnivå, som ein ikkje kan gjera åleine