Arrangement

Arrangement, nettverk og koplingskraft som skapar vekst.

Komande arrangement

Nettkurs: Lær å bruke KI trygt og effektivt i arbeidskvardagen

19. juni 2026 - 31. desember 2026

Eit praktisk nettkurs for deg som vil forstå og ta i bruk kunstig intelligens i arbeidskvardagen.

Webinar: Utvida kapitalinnhenting og investorar

27. oktober kl 9:00 - 24. november kl 10:00

Har bedrifta di ambisjonar om å vekse, utvikle nye produkt eller satse i nye marknader? Då kan det på eit tidspunkt bli aktuelt å få investorar med på laget. Men kvar startar ein – og kva skal ein eigentleg ha på plass for å vekkje interessa hos dei rette investorane?

Makroseminar 2026

19. november kl 16:30 - 21:30
Hangurstoppen restaurant

Hardanger og Voss Næringshage – i samarbeid med Vekselbanken – inviterer til det årlege makroseminaret!

Vinteravspark 2026

25. november kl 18:00 - 21:00
Vossabakst

Velkomen til vinterens store samling for handel og reiselivet på Voss og omegn!

Julelunsj – Øystese

26. november kl 12:30 - 15:00
Skummesalen

Velkomen til julelunsj med varm mat, gode samtalar og to nyttige faglege innslag!

Webinar: Prosjektøkonomi gjort enkelt

1. desember kl 9:00 - 10:00

I denne fagsendinga ser me på korleis bedrifter kan få betre kontroll på økonomien i prosjekta sine, med praktiske døme innan prosjektbudsjettering, økonomisk oppfølging og avvikshandtering.

HO HO HO

10. desember kl 17:00 - 20:00
Vossabakst

Hald av datoen!

Jolefrukost – Voss

17. desember kl 8:00 - 9:30
Hardanger og Voss Næringshage

I samarbeid med Indre Vestland Næringsråd inviterer me til jolefrukost!

Næringslunsj – Eidfjord/Ulvik

14. januar 2027 kl 12:30 - 14:30
Studiestova

Velkomen til medlemsmøte med enkel servering, gode samtalar og to nyttige faglege innslag!

Vossaspire 1 – leiarutvikling med røter i Voss og Hardanger

21. januar 2027 - 1. april 2027
Evoka AS

Eit samarbeid mellom Hardanger og Voss Næringshage og Evoka.

Vil du utvikla deg som leiar og bli tryggare på korleis du kan få fram det beste i menneska rundt deg?
Vossaspire er eit praksisnært og styrkebasert leiarutviklingsprogram for deg som vil dyrka fram det beste i menneska rundt deg – og samtidig utvikla deg sjølv som leiar.

Arrangement, nettverk og koplingskraft som skapar vekst

I Hardanger og Voss Næringshage lagar vi meir enn arrangement. Vi skapar arenaer der menneske, bedrifter og idéar møtest med eit tydeleg formål: å utløyse samarbeid, utvikling og nye moglegheiter.

For oss handlar nettverk ikkje om tilfeldig mingling. Det handlar om strategiske koplingar mellom rette folk, rett kompetanse og rette behov.

Gjennom kurs, fagmøte, bransjetreff, medlemsarenaer og målretta møteplassar byggjer vi eit nettverk som gir verdi i praksis. Her koplar vi gründerar med investorar, etablerte selskap med ny kompetanse, offentleg sektor med næringsliv og ulike bransjar med kvarandre.
Det er ofte i møtet mellom menneske og miljø at dei beste idéane oppstår.

Når vi byggjer bru mellom aktørar, skapar vi ringverknader som kan gi nye arbeidsplassar, sterkare bedrifter, auka innovasjon og eit meir konkurransedyktig næringsliv i heile regionen. Våre arrangement er difor alltid gjennomtenkte og målretta. Målet kan vere ny kunnskap, konkrete samarbeid, auka handel, sterkare omdøme eller betre tilgang på kompetanse. Resultatet skal merkast – ikkje berre opplevast.

Gjennom Næringshagen, Visit Voss og Voss Sentrum utviklar vi òg møteplassar og aktivitetar som styrkjer reiselivet, handelslivet og attraktiviteten i regionen.

Når næringslivet møtest med meining, skjer det noko. Det er der utvikling startar.