
Vossaspire – leiarutvikling med røter i Voss og Hardanger
15. oktober - 26. november
Eit samarbeid mellom Hardanger og Voss Næringshage og Evoka. Vil du utvikla deg som leiar og bli tryggare på korleis du kan få fram det beste i menneska rundt deg? Vossaspire er eit praksisnært og styrkebasert leiarutviklingsprogram for deg som vil dyrka fram det beste i menneska rundt deg – og samtidig utvikla deg sjølv som leiar.
Programmet tek utgangspunkt i din eigen kontekst og det du står i som leiar. Gjennom fire samlingar arbeider du med sjølvinnsikt, relasjonar, motivasjon, endringsleiing, kultur, energi og balanse.
Du lærer gjennom praktiske øvingar, sjølvrefleksjon og gruppearbeid, og får konkrete verktøy du kan ta i bruk på jobb dagen etter. Mellom samlingane trenar du på eigen arbeidsplass, slik at ny kunnskap kan bli til nye vanar og ikkje berre gode intensjonar.
Kva sit du att med?
• Auka innsikt i eigne styrkar, verdiar og utviklingsmoglegheiter
• Verktøy som gjer deg meir effektiv i leiarrolla
• Auka kunnskap om korleis du kan skapa motivasjon, engasjement, tillit og gode relasjonar
• Verktøy for å leia menneske trygt gjennom endring og utvikling
• Meir energi, betre balanse og eit nettverk for vidare vekst og utvikling
Kven passar Vossaspire for?
Programmet er for leiarar i alle sektorar og bransjar:
• Ny som leiar eller prosjektleiar og ønskjer å byggja eit solid fundament
• Mellomleiar eller teamleiar som vil utvikla eige leiarskap
• Erfaren leiar som ønskjer fagleg påfyll og nye perspektiv
Det er berre 16–20 plassar. Ei lita gruppe gir tett oppfølging og eit trygt rom for å øva, reflektera og læra saman med andre leiarar.
Pris – ekstra medlemsfordel
Evoka har eit introtilbod på 30 % på Vossaspire hausten 2026.
Ordinær pris: 19 900 kr
Intropris: 13 930 kr
Ekstra rabatt for medlemmer/målbedrifter i Hardanger og Voss Næringshage: 1 500 kr
Pris for medlemmer/målbedrifter: 12 430 kr
Du sparer dermed totalt 7 470 kr samanlikna med ordinær pris.
Ved påmelding: Merk «Medlem i Hardanger og Voss Næringshage» i bookingskjemaet. Rabatten blir korrigert ved fakturering.
Praktisk informasjon
Datoar:
15. oktober 2026
27. oktober 2026
10. november 2026
26. november 2026
Tid: 09.00–15.30
Stad: Evoka AS, Uttrågata 33, 5700 Voss
Tal på plassar: 16–20
Vossaspire er godkjent av KS for støtte frå OU-midlane. Søknad må sendast inn i forkant for å vere sikra refusjon.
Meld deg på hos Evoka og les meir om programmet her: Vossaspire
Hardanger og Voss Næringshage tilbyr Vossaspire i samarbeid med Evoka.