Lastar Hendingar

Webinar: Utvida kapitalinnhenting og investorar

27. oktober kl 9:00 - 24. november kl 10:00

Har bedrifta di ambisjonar om å vekse, utvikle nye produkt eller satse i nye marknader? Då kan det på eit tidspunkt bli aktuelt å få investorar med på laget. Men kvar startar ein – og kva skal ein eigentleg ha på plass for å vekkje interessa hos dei rette investorane?

Skjermbilde 2026-09-23 kl. 15.27.59

I denne fagsendinga ser me nærare på korleis små og mellomstore bedrifter kan gå fram når dei ønskjer å få investorar med på laget. Kva ser investorane etter? Korleis bør bedrifta førebu seg? Og kva for spørsmål bør eigarar og leiing stille seg før dei går inn i ei slik prosess?

Med oss har me Cristian Valdes Carter frå Innovasjon Noreg, som vil gje oss eit innblikk i investorlandskapet og dele råd og perspektiv som er relevante både for oppstartsbedrifter og for meir etablerte selskap med vekstambisjonar.

Me lyfter òg blikket litt: Kvifor blir det investert langt meir i svenske oppstarts- og vekstselskap enn i norske – og kan me lære noko av svenskane?

Foredragsholder: Cristian Valdes Carter fra Innovasjon Norg

Webinaret har ei varigheit på 1 time, og opptak av sendinga vil vere tilgjengeleg som opptak til 24.11.26

Refleksjonsspørsmål Utvidet kapitalinnhenting og investorer

  1. Kva kan vere gode grunnar til å hente inn eksterne investorar i bedrifta deira – og når kan det vere betre å finansiere veksten på andre måtar?
  2. Om de skulle presentere bedrifta deira for ein investor i dag – kva trur de ville gjort bedrifta interessant som investeringsobjekt?
  3. Kva trur de ein investor ville vere mest oppteken av dersom vedkommande vurderte å investere i bedrifta deira?
  4. Kor godt førebudd er bedrifta deira på å hente inn eksterne investorar – og kva måtte eventuelt kome på plass først?
  5. Kva kunne ein investor tilføre bedrifta deira, i tillegg til sjølve kapitalen?
  6. Kva type investor ville passet best for bedrifta deira – og kva ville vere viktig for dykk i valet av investor?
  7. Kva ville de vere viljuge til å gi frå dykk av eigarskap og innverknad for å få inn kapital, kompetanse og nettverk?
  8. Kva for forventningar ville det vere viktig å avklare mellom dei noverande eigarane og ein ny investor i bedrifta deira?
  9. Kva trur de skal til for at bedrifta deira skal lukkast med å tiltrekkje dei rette investorane?
  10. Kva kan bedrifta deira konkret gjere i løpet av det neste året for å bli meir attraktiv for framtidige investorar?
Har du spørsmål? Ta kontakt med: lilly@hardangervoss.no