Finansiering som gir fart til gode idéar
Kapital, støtteordningar og rett finansiering er ofte det som skil gode idéar frå faktisk vekst. For mange bedrifter kan det vere krevjande å vite kvar ein skal starte, kva ordningar som finst, og korleis ein skal lukkast i søknadsprosessane. Der kjem Hardanger og Voss Næringshage inn.
Vi hjelper bedrifter i regionen med å finne rett veg i finansieringslandskapet – frå offentlege støtteordningar og utviklingsmidlar til privat kapital og regionale fond.
Målet er enkelt: Å skaffe ressursane som trengst for å utvikle verksemda di raskare og smartare.
Det viktigaste verkemiddelet vi tilbyr er Målbedriftsavtala gjennom Siva sitt nasjonale næringshageprogram (link til landingsside målbedrift). Dette gir små og mellomstore bedrifter tilgang til rådgiving, utviklingskompetanse og strategisk støtte til kraftig redusert kostnad. Staten kan dekkje inntil 75 % av kostnadene, noko som gjer høg kompetanse tilgjengeleg også for mindre bedrifter i distrikta.
I tillegg løftar vi fram Fjord og Fjellfondet, eit regionalt investeringsfond som skal bidra til vekst, utvikling og framtidsretta næringsliv i Hardanger og Voss. Fondet er eit viktig verktøy for bedrifter med ambisjonar, investeringsbehov og vekstpotensial.
Vi kjenner ordningane, menneska og moglegheitene. Difor kan vi vere bindeleddet mellom di bedrift og dei rette finansieringskjeldene, enten det gjeld Innovasjon Noreg, Forskingsrådet, Siva, regionale fond eller private investorar.
Når rett prosjekt møter rett finansiering, skjer utvikling.
Målbedrifter får tilgang til kompetanse med opptil 75 % støtte
Gjennom Siva sitt nasjonale næringshageprogram kan bedrifter inngå målbedriftsavtale med Hardanger og Voss Næringshage. Avtalen gir tilgang til rådgiving, utviklingsprosessar og spisskompetanse til sterkt redusert kostnad.
Typiske område:
- Strategi og vekstplanar
- Marknadsføring og sal
- Organisasjonsutvikling
- Innovasjon og produktutvikling
- Digitalisering
- Finansiering og kapitalinnhenting
Vi hjelper deg å finne rett støtteordning
Finn fram i jungelen av moglegheiter - vi guidar deg til relevante ordningar og hjelper deg gjennom prosessen.
Aktuelle aktørar:
- Innovasjon Noreg
- Forskingsrådet
- Siva
- Vestland fylkeskommune
- Kommunale næringsfond
- EU/EØS-program
- Private investorar
Slik jobbar vi - Frå idé til finansiering
Steg:
- Kartlegging av behov og prosjekt
- Vurdering av aktuelle ordningar
- Søknadsstrategi og sparring
- Kontakt med relevante miljø
- Oppfølging og vidare vekst
Kvifor bruke næringshagen?
- Lokal kjennskap og regionalt nettverk
- Del av nasjonal Siva-struktur
- Erfaring med søknadar og utviklingsprosessar
- Lågare risiko og høgare treffsikkerheit
- Meir tid til drift, mindre tid på byråkrati
Har du eit prosjekt som fortener fart?
Ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat om finansiering, støtteordningar og moglegheiter for di bedrift.