Næringsutvikling som skaper vekst i Hardanger og Voss

Me hjelper bedrifter med strategi, utvikling, finansiering og nye moglegheiter. Frå gode idéar til lønsam vekst.

Dette gjer me:

Praktisk næringsutvikling for bedrifter som vil vidare

Hardanger og Voss Næringshage jobbar tett med bedrifter som ønskjer vekst, omstilling eller nye satsingar. Mi kombinerer lokal forståing med nasjonale ressursar og hjelper deg med å ta gode val raskare.

Me bistår innan mellom anna:

  • Strategi og vekstplanar
  • Forretningsutvikling
  • Sal og marknadsføring
  • Innovasjon og nye tenester
  • Organisasjonsutvikling
  • Leiing og styrearbeid
  • Digitalisering og effektivisering
  • Nettverk og samarbeid
  • Finansiering og kapital
  • Konseptutivkling og design

Kva har me gjort for andre verksemder?

Målbedriftsprogrammet:

Få tilgang til kompetanse med opptil 75 % støtte

Gjennom Innovasjon Noreg sitt samarbeid med det nasjonale næringshageprogrammet kan bedrifter bli en såkalla målbedrift hos oss. Det gjev tilgang til rådgiving, utviklingsprosessar og kompetanse til ein sterkt redusert pris.

For mange små og mellomstore bedrifter betyr dette at ein får hjelp som elles ville vore for kostbar eller utilgjengeleg.

Kven passar det for:

  • Bedrifter som vil vekse
  • Bedrifter i omstilling
  • Gründerar med potensial
  • Verksemder som vil profesjonalisere drift og leiing
  • Selskap som ønskjer nye marknader eller nye produkt

Destinasjonsutivkling, reiseliv og handel på Voss

Reiseliv og handel er viktige delar av næringslivet på Voss. Gjennom Visit Voss og Voss Sentrum arbeider me med destinasjonsutvikling, marknadsføring, samarbeid og forretningsutvikling som styrkjer både næringslivet og Voss som stad å bu og besøka.

Finansiering som gir fart:

Vi hjelper deg å finne rett kapital

Det finst mange støtteordningar og finansieringsmoglegheiter, men det kan vere krevjande å vite kva som passar for di bedrift. Vi hjelper deg å navigere og finne rett løysing.

Vi kan koble deg mot:

  • Innovasjon Noreg
  • Forskingsrådet
  • Siva
  • Regionale utviklingsmidlar
  • Bank og privat kapital
  • Investorar og vekstmiljø

Fjord & Fjellfondet:

Regional kapital for lokale ambisjonar

Fjord & Fjellfondet skal bidra til vekst og verdiskaping i Hardanger og Voss. Fondet investerer i selskap og prosjekt med potensial for utvikling, arbeidsplassar og framtidig lønsemd.

For bedrifter med ambisjonar kan dette vere ein viktig døråpnar.

Kvifor bruke næringshagen?

Lokal kraft. Nasjonalt nettverk.

Tett på næringslivet i regionen
Del av Siva sitt nasjonale program
Konkret og praktisk rådgiving
Sterke nettverk og relevante kontaktar
Fokus på resultat og vekst

Klar for neste steg?

Ta kontakt for ein uforpliktande prat om korleis vi kan hjelpe di bedrift med utvikling, finansiering og vekst.

Ingebjørgfjellet Lars Krovald-7