Kundecase:
NorskNode AS
Frå teknisk idé til forretning med Næringshagen og Visit Voss som sparringspartnarar
Kunden og utfordringa
NorskNode AS vart stifta 12. juni 2026 på Voss av Nicolas Caussanel, sivilingeniør. Selskapet arbeider for å redusere klimaavtrykket fra digitalisering, samtidig som det bidrar til norsk datasuverenitet og digital beredskap.
Utfordringa var den dei fleste tekniske gründarar kjenner att: å ha eit solid ingeniørkonsept er ikkje det same som å ha ei forretning. Ideen måtte gjerast om til noko ein kunde faktisk ville kjøpe. Og som nyetablert selskap utan lokalt nettverk, hadde NorskNode ingen openberr veg til dei rette folka.
Kva Visit Voss og Næringshagen bidrog med
Visit Voss og Hardanger og Voss Næringshage kom i kontakt med NorskNode gjennom etablerarlos-programmet. Derifrå utvikla samarbeidet seg raskt på fleire frontar:
- Otto frå Hardanger og Voss Næringshage bidro til å forme ideen til ein bedrift, og hjalp til med å avklare kav selskapet faktisk skulle verta og korleis det kunne stå seg kommersielt.
- Crister frå Visit Voss bidro til produktdefinisjonen ved å tilføre eit kundeperspektiv og digital forretnings kompetanse på kva produktet måtte innebære.
Både Otto og Crister har og kobla verdifulle kontakter og bidratt til nettverksbygging, ved å kobla NorskNode med relevante aktørar og personar til riktig tid. I tillegg stiller Visit Voss som pilot og testar for eit software-produkt, noko som gjev NorskNode direkte tilgang til reelle brukarar og tilbakemeldingar frå marknaden.
Resultatet
- Verdifulle introduksjonar til høgrelevante personar som bidro til å drive prosjektet fremover
- Strukturering av idé til forretning gjennom sparring med Næringshagen
- Produktdefinisjon, konseputvikling og kommersalisering med kundeperspektiv frå Visit Voss
- Praktisk støtte, inkludert tilgang til fasiliteter og møterom
- Tilgang til pilot- og testmarknad
- Intensjons-støtteerklæring og bekreftig på market-fit frå Visit Voss til støtte for søknad til Innovasjon Noreg
Kvifor er dette relevant?
HVK Studiesenter si kompetansekartlegging frå 2024, gjennomført blant over 400 verksemder i regionen, viser at digitale verktøy, kompetanse og tenester er den mest etterspurde kompetansen på tvers av bransjar. Infrastruktur, løysingar for digitalisering og verktøy tilpassa norske verksemder treff dette behovet direkte. NorskNode adresserer samstundes nasjonale behov knytt til digital suverenitet og lågare miljøavtrykk frå databehandling.
Otto and Crister have been invaluable in the early days of NorskNode. Coming in as a new company with a technical idea, the hard part is turning it into something that holds up as a business. Næringshagen helped me structure the idea into a business, Visit Voss contributed to defining the product, and both connected me with the right people at the right time. For a company at this stage, that kind of access and honest sparring is worth more than almost anything else.
– Nicolas Caussanel, founder, NorskNode AS
Nicolas kom til oss med sterk teknisk kompetanse og ein idé som treff reelle behov i marknaden. Jobben vår var å hjelpe han med å gjere ingeniørkonseptet om til ei forretning som held vatn kommersielt. Det er akkurat den typen sparring etablerar-losprogrammet vårt er laga for, og det er gledeleg å sjå kor raskt NorskNode har kome i gang.
– Otto Thillmann, Hardanger og Voss Næringshage
Nicolas Caussanel
Grunnlegger, NorskNode AS