Fjord- og fjellfondet utdeling 2027
I samarbeid med Sparebanken Norge og stiftinga Agenda Vestlandet, innvilger Hardanger og Voss Næringshage inntil kr 800.000,- til to eller fleire mottakarar. Målsetjinga er at fondet skal motivera til ei utvikling av næringslivet i regionen prega av bærekraft, innovasjon og nyskaping.
Søknadsfristen for 2027-tildelinga er 15. januar 2027.
Kan du søka?
Målgrupper for tildelinga i 2027 er unge verksemder i ein tidleg fase av sitt utviklingsarbeid. Her er dei viktigaste sjekkpunkta:
- Søkjar må vera i oppstartsfasen, og verksemda kan ikkje vera eldre enn fem år i søknadsåret.
- Forretningsadressa må vere i Voss, Kvam, Ullensvang, Eidfjord eller Ulvik.
Tildelingskriterier
Midlane vert tildelt næringslivsaktørar som har nyskapande idéar og prosjekt. Følgande kriterier vert vektlagt:
Frist, jury og tildeling
Sparebanken Norge utnemner kvart år ein jury for å vurdera verksemdene og prosjekta, og Hardanger og Voss Næringshage har ei rådgjevande rolla. Har du spørsmål, ta kontakt med Hardanger og Voss Næringshage.
Søknadsskjema opnar i veke 43.