Utvikling av di verksemd
Me støttar deg med å få til utvikling av di verksemd. Om det er ny forretningsidé, planlegging av utviklingsaktivitetar eller andre utfordringar du står overfor. Våre rådgjevarar kan jobba med verksemda di i ein kort og intensiv periode, eller følgja verksemda tett over lengre tid.
Me hjelper deg gjerne med:
Å utvikla ein organisasjon krev tålmod, samarbeid og pågangsmot. Ofte kan det vera fint å ha ein ekstern og objektiv sparringspartnar, og det er her Næringshagen kjem inn. Me kan bistå med leiarutvikling, endring og omstilling og sjølvsagt organisasjonsutvikling. Me kan vera med som sparringspartnar, eller me kan drive heile prosessen på vegne av verksemda.
Kvar er verksemda i dag, kvar ynskjer verksemda å vera, og korleis koma dit? Dette er spørsmål som vil vera ein naturleg del av ein strategiprosess. Næringshagen kan drive heile prosessen, eller bidra inn ved behov. Me tilbyr også tenester innan produkt-, konsept- og tenesteutvikling, forbetringsprosessar, samt krisehandsaming.
Digitalisering vert stadig meir viktig som konkurransefortrinn. Det handlar om å nytta IT og digitale løysingar for å utvikla verksemda, jobba meir effektivt, leggje til rette for vekst, og samstundes syte for god tryggleik. Næringshagen hjelper deg gjerne med å vurdere digitaliseringspotensialet i verksemda di, og koma med forslag til forbetringar.
Kundar, leverandørar og myndigheiter stiller auka krav til sosial- og miljømessig berekraft. Ynskjer du å ta grep? Me kan mellom anna hjelpa deg med grøn vekst, berekraftsrapportering og miljøfyrtårn.
Å ha riktig og nok kompetanse i verksemda er viktig, og Næringshagen bistår stadig fleire verksemder med rekrutteringsprosessar og omorganisering. Me rådgjev også innan konflikthandtering, og jobbar aktivt med førebygging. Næringshagen leiger også ut våre eigne rådgjevarar til å jobba i verksemder i kortare eller lengre periodar.
Om du treng hjelp til finansiering, støtte- og søknadsskriving, budsjettering, prissetjing, eller andre økonomiske oppgåver - me kan bistå deg.
For å nå ut til målgruppene, for å skilje seg ut, og for å auke salet anbefala me å utarbeida ein kommunikasjons- og marknadsstrategi. Våre rådgjevarar hjelp deg mellom anna med å analysere målgrupper, bodskapsutforming, bodskapsformidling og medieval.
Kontakt oss for ein uforpliktande prat
Kundesitat
SPRiLT driv i ein bransje og i eit fagfelt som er i stadig utvikling. SPRiLT er i rask vekst, og i fare for å utvikle strukturelle voksesmerter. Med Næringshagen på laget har me klart å finne «kinderegget» - ein modell for framtida der vekst og fleksibilitet ikkje kjem på kant med kvarandre, men tvert i mot er gjensidige drivarar.

Yngve Høiland
Prosjektutviklar, SPRiLT
Då Herde Kompositt ville flytte produksjonen ved livbåtfabrikken, tok to leiarar og to tidlegare tilsette grep. Med personleg innsats og verdifull hjelp frå Næringshagen, vart hjørnesteinsbedrifta på Ølve i Hardanger redda. Utan god hjelp frå Næringshagen ville me truleg aldri ha lukkast.

Kristine Moldenhauer Biseth
Utviklingssjef, Herde Kompositt
Næringshagen er ein god samtalepartner der eg har fått lufta tankar og idear på eit tidleg stadie. Å ha Næringshagen som ein god og fortruleg samtalepartner er viktig for oss små bedrifter som har få andre å drøfte utvikling med. Å få tilbakemeldingar gjer meg tryggare som bedriftseigar, og bidreg til å treffe dei rette vala for ei god utvikling.».

Ole Gjerde
Dagleg leiar, Gjerde Felemakeri AS