Visit Voss + Voss Sentrum - saman for eit levande Voss
Visit Voss og Voss Sentrum arbeider saman for at Voss skal vera ein god stad å besøka, handla, driva verksemd og bu. Reiseliv, handel og lokalsamfunn heng tett saman, og saman løftar me fram det Voss har å by på, både på Vangen og i resten av bygda.
Gjester som bur her, et på restaurantane, handlar i butikkane og nyttar lokale aktivitetar og opplevingar, skapar verdiar for mange. Samstundes er eit levande sentrum ein viktig del av opplevinga av Voss.
På Vangen finn du butikkar, kafear, restaurantar og nisjebutikkar, med kort veg til Voss stasjon, Vangsvatnet, Voss Gondol og opplevingar vidare ut i bygda.
Gjennom samarbeid, ei sterk destinasjonsmerkevare og felles satsingar arbeider me for å utvikla reiseliv og handel gjennom heile året – til glede for både dei som bur her, dei som driv verksemd her og dei som kjem på besøk.
Reiseliv og handel er viktige næringar på Voss
Visit Voss er avdelinga for reiseliv og handel i Hardanger og Voss Næringshage. Hovudoppgåvene våre er å koordinera og marknadsføra reiselivet på Voss, utvikla reisemålet og leggja til rette for samarbeid mellom aktørane innan reiseliv, handel og anna næringsliv.
Voss Sentrum har samla handels- og sentrumsnæringa, og saman arbeider me for å styrkja heilskapen: eit attraktivt reisemål, eit levande sentrum og eit lokalt næringsliv som står godt gjennom heile året.
Visit Voss utviklar og synleggjer reisemålet
Voss har store ambisjonar som heilårsreisemål. Med ei sentral plassering i Fjord-Noreg og eit breitt spekter av aktivitetar, kultur, natur og opplevingar arbeider me for å vidareutvikla Voss som ein attraktiv base for opplevingar året rundt.
Visit Voss samarbeider tett med Voss herad, næringslivet, handelsnæringa og lokalsamfunnet om mellom anna destinasjonsutvikling, besøksforvaltning, marknadsføring og strategisk utvikling av reiseliv og handel.
Ei viktig oppgåve er å samla kreftene. Me arbeider med felles oppgåver som det kan vera krevjande for kvar enkelt verksemd å løysa åleine, frå synleggjering av Voss og utvikling av merkevara til samarbeid og prosjekt på tvers av bransjar.
Merkevara Voss er bygd gjennom mange år med initiativ, opplevingar og samarbeid. Når me dreg i same retning, står me sterkare.
Voss Sentrum – handel og liv på Vangen
Voss Sentrum vart etablert som ein medlemsorganisasjon for handelsnæringa og verksemder i sentrum. Målet har heile tida vore det same: å bidra til eit levande sentrum med eit godt og variert tilbod for både vossingar og gjestar. No er Voss Sentrum ein del av Visit Voss organisasjonen.
Vangen er meir enn ein stad å handla. Her kan du kombinera butikkar og lokalmat med kafébesøk, restaurantar, kultur og arrangement – midt mellom fjellet og Vangsvatnet.
Dei korte avstandane gjer det enkelt å ta sentrum med på planen, anten du er på Voss nokre timar, ei helg eller fleire dagar.
Reiseliv + handel = meir å oppleva
I 2026 vart Voss Sentrum og Visit Voss slått saman til éin medlemsorganisasjon.
For den som besøker Voss, går ikkje reiseliv og handel kvar sin veg. Ein dag kan starta på fjellet, halda fram med ein tur gjennom Vangsgata og enda rundt eit bord med lokal mat.
Difor arbeider me i Visit Voss og handelsstanden i Voss Sentrum tett saman. Når opplevingar, handel, servering, kultur og arrangement spelar på lag, vert Voss ein stad der det er lett å finna fleire grunnar til å bli litt lenger.
Rågivande organ
Voss Reiselivsråd og Styringsgruppa i Voss Sentrum er grupper som representerer medlemsbedriftene i handel og reiseliv i Hardanger og Voss Næringshage AS.
Desse organa bidrar når me utarbeider strategi og handlingsplanar, og gjev innspel på prioritering av budsjett innanfor overordna ramme og strategi gjeve av hovudstyret, dagleg leiar i Hardanger og Voss Næringshage AS og leiar i Visit Voss.
Sitjande Reiselivsråd vert vald på medlemsmøte i Visit Voss kvart år.
Styring
Visit Voss styrast av leiar og eigen organisasjon, men jobbar tett saman med kommune og næring.
Ein styrer med mål lokal verdiskapning og destinasjonsutviklig og i styringsdokumenta:
- Reiseliselivsstrategien til Voss Herad
- Handlingsplan forankra i reiselivsrådet
- Medlemsmøta og innspel frå handels- og reiselivsnæringa
- Innbyggjarundersøking i Voss Herad annakvart år
Jobbar du med noko spanande innafor reiseliv eller handel?
Ta kontakt, det er godt mogleg me kan hjelpa deg!