Kundecase:

Arctic Coliving AS

Frå nyétablert til synleg aktør — med Visit Voss som døropnar

Introdukjsjon – Kunden og utfordringa

Arctic Coliving AS er eit coliving-konsept på Mjølfjell, ei kort togreise frå Voss sentrum. Grunnleggjar Kyle McClenahan har skapt ein stad der fjernarbeidarar, digitale nomadar og eventyrlyste frå heile verda kan kombinere arbeid med fjelliv og internasjonalt fellesskap. Gården på Mjølfjell er ein historisk eigendom med røter i frivillig arbeid og internasjonal fred — tradisjonar som Arctic Coliving fører vidare.

Konseptet tilbyr alt frå kortare opphald til lengre coliving-periodar, med fellesmåltid, gruppeaktivitetar og arrangement i samarbeid med lokalsamfunnet. I skuldersesongane tek dei imot team og grupper til offsite-opphald.

Som internasjonal gründer med eit heilt nytt konsept i regionen, stod Kyle overfor utfordringa med å bygge synlegheit, truverde og nettverk raskt nok til å få fotfeste i det lokale reiselivsmarknaden.

Løysinga – Kva Visit Voss bidrog med

Visit Voss gjekk tidleg inn med støtte på fleire område samstundes. Det handla ikkje om éi stor satsing, men om mange små og målretta bidrag som til saman gav Arctic Coliving tidleg merksemd og legitimitet i regionen.

Konkret bidrog Visit Voss med:
• Introduksjon til Ekstremsportveko, som resulterte i eit verdifullt partnarskap
• PR-støtte i sosiale medium og i pressa som akselererte merkevaresynlegheit
• Nettverksarrangement som kopla Arctic Coliving med sentrale aktørar i Voss-miljøet
• Synlegheit på visitvoss.no som etablert overnattingsaktør i regionen

Resultatet

Samarbeidet med Visit Voss har gjeve Arctic Coliving eit solid fundament i oppstartsfasen:

• Partnarskap med Ekstremsportveko — ein av dei mest profilerte hendingane på Voss
• Auka merkevaresynlegheit gjennom PR i sosiale medium og presse
• Presseomtale i Avisa Hordaland
• 14 300+ visningar på Instagram-innlegg via Ekstremsportveko sin profil
• Nettverk og relasjonar med sentrale aktørar i reiselivet på Voss
• Eigen produktside på visitvoss.no
• Legitimitet som ny aktør i regionen, trass i at konseptet er heilt nytt i marknaden

«Working with Visit Voss has been valuable for building early traction and connecting with key stakeholders in the Voss community. Their support with PR has accelerated brand visibility, an introduction to Ekstremsportveko resulted in a valuable partnership, and social media collaboration has helped to legitimize our launch in the region.»

— Kyle McClenahan, founder & CEO, Arctic Coliving AS

«Reiselivet elskar å snakke om fleire overnattingar, lokal verdiskaping og kompetanse til bygdene. Men når det kjem til faktisk produktutvikling, stoppar det ofte der. Samstundes slit kommunar som Voss Herad med å rekruttere nøkkelkompetanse – medan konsept som Arctic Coliving i praksis leverer akkurat det små kommunar seier dei vil ha: folk som kjem, blir, jobbar og skapar ringverknader. Ikkje minst er Arctic Coliving eit fint, annleis konsept — som me har mangla på Voss. Me heiar på engasjerte sjeler som Kyle!»

— Crister Næss, leiar, Visit Voss

Kontaktperson

Kyle McClenahan Founder & CEO

Arctic Coliving AS