Kundecase:

Bilbruket

Miljøfyrtårn-resertifisering på 2 månader — med næringshagen som sparringspartnar.

bilbruket-logo

Introdukjsjon – Kunden og utfordringa

Bilbruket er ei lokal bilverksemd som skulle gjennom Miljøfyrtårn-resertifisering tre år etter siste sertifisering. Prosessen krev dokumentasjon, systematisering og etterleving av oppdaterte krav — noko som kan vere tidkrevjande og uøversiktleg for ei bedrift som har nok med den daglege drifta.

Løysinga – Kva næringshagen bidrog med

Hardanger og Voss Næringshage gjekk inn som sparringspartnar gjennom heile resertifiseringsprosessen. Vi gav konkrete innspel, sikra framdrift og sørgde for ein effektiv gjennomføring utan unødig kompleksitet. Målet var enkelt: få godkjenning på første forsøk, utan at det tok meir tid enn nødvendig.
I same periode gav vi også bedriftsrådgjeving og hjelpte Cato med å systematisere informasjon for vidare bedriftsutvikling — eit døme på korleis næringshagen kan bidra på fleire område samstundes.

Resultatet

Prosessen gjekk raskt og utan unødige omvegar:
• Resertifisering gjennomført på 2 månader
• Prosessbistand frå start til slutt
• Godkjenning på første forsøk
• Bedriftsrådgjeving og systematisering av informasjon for vidare utvikling

«Vi likar å handle lokalt, og i Næringshagen får vi tilgang til kompetanse som er til stor nytte for oss.»

— Cato Østlie, dagleg leiar, Bilbruket

«Miljøfyrtårn-sertifisering treng ikkje vere tungt og tidkrevjande. Når vi går inn som sparringspartnar, handlar det om å gje bedrifta akkurat den støtta som trengst — ikkje meir, ikkje mindre. Cato visste kva han ville, og med litt struktur og dei rette innspela var resertifiseringa i boks på to månader. Det er slik rådgjeving skal fungere: konkret, effektivt og tilpassa bedrifta sine behov.»

— Otto Thillmann, Hardanger og Voss Næringshage

Kontaktperson

Cato Østlie

Dagleg leiar, Bilbruket