Kundecase:

Voss Vekter og Sikringsteneste AS

Miljøfyrtårn-sertifisering, trygt i mål. Sertifisering utan unødig kompleksitet, med næringshagen som sparringspartnar.

Logo+stor voss Vekter

Utfordringa

Voss Vekter og Sikringsteneste AS er ei lokal verksemd innan vakthald og sikring, med slagordet «Tryggleik for deg og dine».  Verksemda skulle bli Miljøfyrtårnsertifisert. Ein slik prosess krev dokumentasjon, systematisering og etterleving av krav,  noko som kan vere tidkrevjande og uoversiktleg for ei bedrift som har nok med den daglege drifta.

Løysinga – kva næringshagen bidrog med

Hardanger og Voss Næringshage gjekk inn som sparringspartnar gjennom heile sertifiseringsprosessen, frå start til godkjenning. Vi gav konkrete innspel, sikra framdrift og sørgde for ei effektiv gjennomføring utan unødig kompleksitet. Målet var enkelt: få verksemda sertifisert utan at det tok meir tid enn nødvendig, og samstundes leggje eit godt grunnlag for det vidare miljøarbeidet.

Resultatet

Prosessen gjekk ryddig og utan unødige omvegar:

• Miljøfyrtårn-sertifisering gjennomført

• Prosessbistand frå start til godkjenning

• Effektiv gjennomføring utan unødig kompleksitet

• Grunnlag for systematisk miljøarbeid vidare

“Vi likar å handle lokalt, og i næringshagen fekk vi den støtta vi trong gjennom heile prosessen. Sertifiseringa vart både ryddig og overkomeleg, og no har vi eit godt grunnlag å byggje miljøarbeidet vidare på.”

Atle Vik Didriksen, Dagleg Leiar, Voss vekter og sikringsteneste AS

“Miljøfyrtårn-sertifisering treng ikkje vere tungt og tidkrevjande. Når vi går inn som sparringspartnar, gir vi bedrifta akkurat den støtta som trengst, verken meir eller mindre. Med litt struktur og dei rette innspela kom Voss Vekter og Sikringsteneste trygt i mål. Det er slik me liker at rådgjeving fungerer: konkret, effektivt og tilpassa bedrifta sine behov.”

Otto Thillmann, Hardanger og Voss Næringshage

Lenkjer

Kontaktperson

Atle Vik Didriksen

Dagleg leiar, Voss vekter og sikringsteneste A