Kundecase:
Kinsarvik Camping AS
Frå tradisjonsrik campingplass til moderne resort, med Næringshagen som støttespelar
Introduksjon – Kunden og utfordringa
Som eigar og dagleg leiar i Kinsarvik Camping såg Evald Sandvik Hatten behovet for å samle lager- og arbeidsfasilitetane på éin stad. Samstundes ønskte han å utvikle eit nytt overnattingstilbod som kunne møte behova til fleire gjestegrupper.
Planen var å byggje eit nytt service- og lagerbygg med leilegheiter og dobbeltrom i andre etasje. Tilbodet skulle vere attraktivt for familiar og reisefølgje der nokon ønskjer campinglivet, medan andre føretrekkjer hotellkomfort. Eit aukande tal elbilgjester gjorde det også nødvendig å etablere lademoglegheiter på området.


Løysinga – kva næringshagen bidrog med
Med ein tydeleg plan for utviklinga tok Evald kontakt med Hardanger og Voss Næringshage for å få hjelp til finansiering. Næringshagen kartla aktuelle støtteordningar og utarbeidde søknader til Ullensvang kommune sitt næringsfond og Vestland fylkeskommune sitt program for normalladarar ved reiselivsdestinasjonar.
Tilskota bidrog til å redusere investeringskostnadene og gav eit betre økonomisk grunnlag for gjennomføringa av prosjektet.
Resultatet
Kinsarvik Camping har i dag eit samla service- og lageranlegg, moderne leilegheiter og hotellrom, samt 17 ladestasjonar for elbil. Prosjektet har gitt meir effektiv drift og eit breiare overnattingstilbod til gjestene.
I 2025 registrerte verksemda om lag 33 124 gjestedøgn, og førehandsbookingane for inneverande sesong ligg rundt 25 prosent over same periode året før. Samstundes styrkjer Evald kompetansen sin gjennom Norland Fagskule Bærekraftige campingplassar, vidareutdanning innan bærekraftig utvikling og drift av campingplassar.
“Når ein står midt i store investeringar, er det verdifullt å ha ein samarbeidspartnar som kjenner støtteordningane og kan bidra i søknadsarbeidet. Hardanger og Voss Næringshage gjorde prosessen enklare og gav oss eit betre grunnlag for å investere i framtida.”
– Evald Sandvik Hatten, eigar og dagleg leiar i Kinsarvik Camping
.
Nettsida til kunden: https://www.kinsarvikcamping.no/
Edvald Sandvik Hatten
Eigar og dagleg leiar