Kundecase:

AD Venture Voss AS

Frå oppstart til tresifra fakturering på få veker — med Visit Voss i ryggen

Introdukjsjon – Kunden og utfordringa

AD Venture Voss AS er eit ferskt aktivitetsselskap på Voss, drive av Olav Jansen Østerbø. Selskapet var knapt etablert då dei stod overfor utfordringa mange gründarar kjenner på: korleis kome raskt i gang med inntekter, bygge nettverk i bransjen og få fotfeste i eit konkurranseutsett reiselivsmarknad — alt samstundes.

Løysinga – Kva Visit Voss bidrog med

Visit Voss gjekk tidleg inn med rådgjeving i oppstartsfasen og kopla AD Venture Voss direkte med relevante aktørar. Då det svenske produksjonsselskapet Kompaniet (Svenska Kompani Lauritzen) tok kontakt med Visit Voss, såg ein med ein gong at dette var ei moglegheit for lokale tilbydarar. Visit Voss sette AD Venture Voss i kontakt med Kompaniet, noko som opna døra til eit heilt nytt prosjekt og ein ny bransje for selskapet.

I tillegg til den konkrete koplingsjobben har Visit Voss levert løpande rådgjeving og gjeve tilgang til eit breitt kontaktnett i reiselivsbransjen — ressursar som eit lite selskap i oppstartsfasen elles ville brukt lang tid på å bygge opp.

Resultatet

Samarbeidet gav konkrete resultat allereie før selskapet var fullt etablert:
• Tresifra fakturering dei første vekene etter at organisasjonsnummeret kom på plass
• Fleire oppdrag levert til Kompaniet under deira opphald på Voss
• Medieoppslag som følgje av samarbeidet med Kompaniet
• Tilgang til profesjonelt video- og fotoinnhald knytt til eit sterkt konsept, med høg verdi for vidare marknadsføring
• Internasjonal synlegheit gjennom HBO Max og Kanal 5 i Sverige

Ein tydeleg og svært rask «return on investment» gjennom medlemskapet i Visit Voss.

«Me i AD Venture Voss har nytt godt av samarbeidet med Visit Voss frå start av. I samband med god rådgjeving i oppstartsfasen av eit nytt prosjekt i Bordalsgjelet, sette Visit Voss oss i kontakt med Kompaniet. Denne introen starta eit heilt prosjekt for oss der me leverte fleire tenester for dei under opphaldet på Voss, og gav oss ein billett inn i ein ny bransje. Visit Voss leverer rådgjeving på det som trengst for oss som eit lite firma i oppstartsfasen, i tillegg til gode kontaktar med folk i bransjen som me nyttar veldig godt av.»

— Olav Jansen Østerbø, dagleg leiar, AD Venture Voss AS

«Oppgåva vår er å løfte Voss som destinasjon og skape moglegheiter som kvar enkelt bedrift ikkje rekk å jobbe fram sjølv. Olav er eit skuleeksempel på korleis det skal gjerast — han kopla seg på frå start, brukte nettverket aktivt, og leverte så sterkt at Kompaniet berre ville ha meir. Når ein fersketablert aktør fakturerer tresifra dei første vekene, og i tillegg hamnar på internasjonal TV, då fungerer systemet.»

— Crister Næss, leiar, Visit Voss

Kontaktperson

Olav Jansen Østerbø

Dagleg leiar, AD Venture Voss AS