Kundecase:

Hardangerfjord Adventure AS

Frå idé til heilårsaktivitet — med næringshagen som springbrett

HardangerfjorD-1920w

Introdukjsjon – Kunden og utfordringa

Hardangerfjord Adventure AS vart etablert hausten 2018 av ei gruppe eigarar frå reiselivsnæringa i Kvam og Ullensvang. Ideen var enkel: fleire opplevingar for besøkande i midtre del av Hardangerfjorden, med RIB-turar som første satsing. Men vegen frå idé til drift krev meir enn entusiasme — det krev kapital, kompetanse og eit nettverk å støtte seg på.

Dagleg leiar Thor-Arvid Pedersen stod ikkje overfor éi enkelt utfordring, men fleire samstundes: kapitalinnhenting, val av rett strategi, og behovet for å unngå dyre feil som førstegongsgründar i ein bransje med høge oppstartskostnader.

Løysinga – Kva næringshagen bidrog med

Næringshagen i Hardanger gjekk inn som støttespelar frå start. Det handla ikkje først og fremst om reiselivsfagleg kompetanse, men om det Thor-Arvid sjølv skildrar som det mest verdifulle: generell gründerkompetanse, struktur, nettverk og tilgang til folk med relevant erfaring.
Konkret bidrog næringshagen på tre avgjerande område:
• Miljø og støtte: Prosjektet hadde ikkje berre éin gründar som stod åleine — heile miljøet i næringshagen var med for å få prosjektet opp og stå på ein god måte, med rett fokus til rett tid.
• Nettverk og kapital: Utan nettverket og medlemmene i næringshagen ville kapitalinnhentinga vore vesentleg vanskelegare.
• Erfaringsdeling: Andre medlemmer som hadde starta RIB-aktivitet to år tidlegare, delte raust av erfaringane sine og gav nyttige innspel om kva feil ein burde unngå.

Etter kvart som selskapet voks og Næringshagen i Hardanger slo seg saman med Voss og vidare med Visit Voss, vart det naturleg for Hardangerfjord Adventure å bli reiselivsmedlem — noko som også hang saman med at dei hadde utvida aktiviteten til Ulvik.

Resultatet

Frå oppstart i 2018 har Hardangerfjord Adventure vakse til eit solid aktivitetsselskap:
• RIB-turar, guida fotturar, toppturar på ski, fjord floating og signaturopplevingar
• To båtar i drift med heilårsaktivitet
• Utvida frå Éin base i Norheimsund til fleire basar, inkludert Ulvik og Øystese
• Breitt lokalt eigarskap med hotell og reiselivsaktørar frå heile regionen
• Pakkeløysingar for bedrifter, insentivgrupper og turistgrupper

Vegen frå idé til drift vart både tryggare og meir strukturert fordi gründaren hadde eit miljø rundt seg frå dag éin.

«For vår del var det særleg tre ting som var viktige i oppstartsfasen: at heile miljøet i næringshagen var med som støtte, at nettverket gjorde kapitalinnhentinga mogleg, og at andre medlemmer delte raust av erfaringane sine. Det som var mest verdifullt for oss, var ikkje først og fremst reiselivsfagleg kompetanse, men generell gründerkompetanse, struktur, nettverk og tilgang til folk med relevant erfaring. Det gjorde vegen frå idé til drift både tryggare og meir strukturert.»

— Thor-Arvid Pedersen, dagleg leiar, Hardangerfjord Adventure AS

«Fantastisk at nokon tør å ta steget ut og satse. Sånt blir det lokal verdiskaping og arbeidsplassar av.»

— Crister Næss, leiar, Visit Voss

thor-arvid-pedersen

Kontaktperson

Thor-Arvid Pedersen

Dagleg leiar, Hardangerfjord Adventure AS