Kundecase:
Hardangerbadet AS
Frå dagleg drift til strategisk styring. Forretningsplan, mål og verktøy på plass, med næringshagen som sparringspartnar.
Utfordringa
Hardangerbadet er eit lokalt badeanlegg med Natalie som dagleg leiar. Som for mange verksemder gjekk mykje av tida med til å halde den daglege drifta i gang. Det som mangla, var eit samla strategisk grunnlag: ein tydeleg forretningsplan, oversikt over forbetringsmoglegheiter, klare mål og verktøy for å følgje dei opp. For å utvikle verksemda vidare trongst meir struktur på styring og økonomi.
Kva gjorde næringshagen?
Gjennom samarbeidet med Hardanger og Voss Næringshage og rådgjevar Otto Thilmann har Hardangerbadet fått på plass eit solid strategisk grunnlag for vidare utvikling av verksemda. Prosessen har bidrege til å tydeleggjere Hardangerbadet sin visjon, målsetjingar og prioriteringar for dei komande åra. Gjennom strukturert arbeid med strategiplan, analyse av marknad og målgrupper, vurdering av forretningsområde og identifisering av utviklingsmoglegheiter, har Hardangerbadet fått eit viktig styringsverktøy for vidare vekst og utvikling.
Resultatet
Arbeidet har òg styrkt den interne forståinga av verksemda si rolle i regionen, lagt grunnlag for betre prioriteringar og skapt ei felles retning for styre, leiing og tilsette. Resultatet er ein meir målretta organisasjon med tydelegare fokus på både samfunnsoppdrag, gjesteopplevingar og økonomisk berekraft.
“Hardangerbadet er svært nøgd med samarbeidet med Hardanger og Voss Næringshage og den faglege støtta frå Otto. Prosessen har vore profesjonell, konstruktiv og verdiskapande, og resultata har gitt eit godt fundament for vidare utvikling av Hardangerbadet i åra som kjem“
-Natalie Nisamjan, Dagleg Leiar i Hardangerbadet
“Hardangerbadet hadde både driv og god kjennskap til eiga verksemd. Det vi bidrog med var struktur. Saman fekk vi på plass forretningsplan, mål og oppfølgingsverktøy og staka ut vegen vidare for økonomisk styring og meir smart bruk av KI som verktøy. Slik rådgjeving handlar om å gje bedrifta varige verktøy, ikkje berre eit dokument.”
– Otto Thillman, Hardanger og Voss Næringshage
Natalie Nisamjan
Dagleg Leiar, Hardangerbadet