
Webinar: Prosjektøkonomi gjort enkelt
1. desember kl 9:00 - 10:00
I denne fagsendinga ser me på korleis bedrifter kan få betre kontroll på økonomien i prosjekta sine, med praktiske døme innan prosjektbudsjettering, økonomisk oppfølging og avvikshandtering.
Tener verksemda eigentleg pengar på prosjekta sine? Det kan vere vanskelegare å svare på enn ein skulle tru. Eit godt resultat krev ikkje berre gode prosjekt. Det krev også kontroll på timar, kostnader, inntekter og avvik undervegs.
I dette webinaret ser me på korleis prosjektrekneskap kan brukast for å få betre kontroll på økonomien i prosjektet. Gjennom praktiske døme ser me mellom anna på prosjektbudsjettering, timefangst, økonomisk oppfølging og avvikshandtering. Me tek for oss nokre av dei største fallgruvene i prosjektrekneskap, og kva ein bør gjere når kostnadene blir annleis enn venta.
Med gode rutinar for prosjektrekneskap blir det enklare å vite kva prosjekt som faktisk er lønsame, kvar marginane forsvinn, og kvar det er behov for å gjere justeringar.
(PS: Sendingen vil være tilgjengelig som opptak til og med 01.01.27.)
Har du spørsmål? Ta kontakt med: lilly@hardangervoss.no