Lastar Hendingar

Kva skal varme og kjøle bygget ditt dei neste 20 åra?

10. november kl 9:00 - 11:00

Hardanger og Voss Næringshage og Geoterm inviterer til frukostmøte om framtidas varme og kjøling!

Forsidebilete 16 9@2x

Kvifor kome?

Voss og Hardanger står i eit trilemma: knapp nettkapasitet, press på areal og behov for ny næringsutvikling. Grunnvarme frå dalbotnen svarar på alle tre – han frigjer kapasitet i straumnettet, krev lite areal og gjev rimeleg, fornybar energi til nye og eksisterande verksemder. For deg som eig eller driftar bygg betyr det lågare kostnader. Energi og nettleige har blitt monaleg dyrare dei siste åra, og grunnvarme reduserer kostnadene betydeleg. Geoterm investerer i og driftar anlegget – du betaler berre for varmen og kjølinga du bruker, og til lågare pris enn alternativa.

Kven bør kome?

Eigarar og driftsansvarlege for bygg med behov for varme eller kjøling – skular, sjukeheimar, hotell, forretningsbygg, leilegheitsbygg og industri Utbyggjarar og prosjekterande med bygg under planlegging Kommunale eigedoms- og planavdelingar

Program

09.00 Velkomen Hardanger og Voss Næringshage

09.10 Utfordringar i energiforsyning og nettkapasitet kva betyr det for Noreg, og kva er løysingane? Føredragshaldar vert annonsert

09.30 Grunnvarme som energiforsyning – slik fungerer det, og kva kostar det Christian Rekve Bryn, dagleg leiar, Geoterm AS

10.05 Pause

10.15 Moglegheiter for bedrifter i Voss og Hardanger Føredragshaldar vert annonsert

10.35 Spørsmål, samtale og vegen vidare Korleis kome i gang med ei vurdering av eige bygg

Påmelding

Stad