
Bygg, anlegg og eigedomsforum Voss 9. april
9. april kl 15:00 - 18:00
Velkomen til årets første Bygg, anlegg og eigedom på Voss 9. april. Me er inne i eit spennande år med revisjon av Voss herad sin samfunns- og arealdel. Dagens hovudtema er difor tett knytt til dette: Arealplanar - Korleis skape ein føreseieleg og effektiv planprosess, der Norconsult vil kome med utfordringar og nokre døme. Me møtast hjå Obs Bygg, før me går vidare til omvisning av ny brannstasjon og endar opp hjå Norconsult for middag og fagleg program.
Velkomen til årets første Bygg, anlegg og eigedom på Voss torsdag 9. april
Me møtast hjå Obs Bygg for ein velkomstdrink og omvisning, før me går vidare til omvisning av ny brannstasjon og endar opp hjå Norconsult for middag og fagleg program.
Me er inne i eit spennande år med revisjon av Voss herad sin samfunns- og arealdel. Dagens hovudtema er difor tett knytt til dette: Arealplanar – Korleis skape ein føreseieleg og effektiv planprosess, der Norconsult vil kome med utfordringar og nokre døme.
Program
Med atterhald om mindre endringar
- Velkomstdrink og omvisning hjå Obs Bygg v/Torstein Røthe, dagleg leiar
- Omvisning ny brannstasjon v/ Reidag Gilbakken, Voss herad
- Tapasmiddag frå Eyye’s
- Arealplanar – Korleis skape ein føreseieleg og effektiv planprosess v/ Vidar Østerbø, seniorrådgjevar arealplan Norconsult
- Ombruksnettverket ønskjer brukte tremateriale – kort info frå ombruksnettverket Attbruk
Tid: torsdag 9. desember 15.00 – 18:00
Stad: Oppmøte Obs Bygg, Regimentsvegen 18
Pris medlem: 700,-
Pris ikkje-medlem: 1400,-
Billett inkluderer velkomstdrink, middag og fagleg program
Arrangementet er ope for alle i bransjen.
Nysgjerrig på om Bygg, anlegg og eigedomsforum er noko for deg og di bedrift?
Dette forumet vart starta i 2021, og sidan den gong har me i Hardanger og Voss Næringshage samla større og mindre aktørar i bygg, anlegg og eigedomsbransjen. Det er behov for ein felles møteplass for næringa med fokus på fagleg innhald, men like mykje for at næringa kan verte betre kjend med kvarandre og få eit større nettverk. Difor legg me opp til god tid til mingling på kvar samling. Forumet møtast tre til fire gonger i året, med ei samling der me køyrer heilaften. Meld deg på eit av våre arrangement, og sjå om denne møteplassen er noko for deg! Me oppfordrar og transportnæringa som jobbar tett med bygg- og anlegg til å delta!
Forumet er per i dag både for medlemer og ikkje-medlemer av Næringshagen. Ta kontakt med arrangement@hardangervoss.no for å motta invitasjon i framtida!