
Bygg-, anlegg-, og eigedomsforum, Hardanger
12. november kl 15:00 - 18:00
Velkomen til første samling i eit nytt bransjeforum i Hardanger; Bygg, anlegg og eigedomsforum i Hardanger!
Velkomen til første samling i eit nytt bransjeforum i Hardanger; Bygg, anlegg og eigedomsforum 12. november kl. 15.00 – 18.00 på Hardanger Fartøyvernsenter .
Bygg, anlegg og eigedomsbransjen står framfor store utfordringar, krevjande konjunktursvingningar og ikkje minst spennande moglegheiter no og i framtida. Korleis skal verksemder i desse næringane halda fram med å tilby viktige, berekraftige arbeidsplassar? Kva må til for at distrikta skal halda tritt med utvikling og omstilling? Kva nye samarbeidsmoglegheiter finst i vår region?
Me gler oss til ein spennande ettermiddag med dykk!
Program:
Med atterhald om mindre endringar
- Velkomen til første nettverksamling i Kvam for bygg, anlegg og eigedomsforum
v/Hardanger og Voss Næringshage - Omvisning på Hardanger Fatrøyvernsenter sitt nye publikumsbygg
v/ Hardanger Fartøyvernsenter - Samarbeid løner seg
v/ Håkon Hjartnes, H2 Hardanger - Status utvikling på Skarpen Industriområde
v/ Knut E Øyri, GBS - Kommunen si rolle i lokal næringsutvikling innan bygg- og anlegg
v/Heidi Ørjansen, sjef for samfunnsutvikling Kvam heradMe avsluttar det faglege programmet med ein samtale om kva næringa ønskjer av eit slikt nettverk.
Me avsluttar med middag og bransjemingling.
Nysgjerrig på om Bygg, anlegg og eigedomsforum er noko for deg og di bedrift?
Dette forumet vart starta på Voss i 2021, og sidan den gong har me i Hardanger og Voss Næringshage samla større og mindre aktørar i bygg, anlegg og eigedomsbransjen. Me såg eit behov for ein felles møteplass for næringa med fokus på fagleg innhald, men like mykje for at næringa kan verte betre kjend med kvarandre og få eit større nettverk. Difor legg me opp til god tid til mingling på kvar samling.
No ønskjer me å utvide med eit eige forum i Hardanger. Meld deg på, og sjå om denne møteplassen er noko for deg! Me oppfordrar og transportnæringa som jobbar tett med bygg- og anlegg til å delta!
Forumet er per i dag både for medlemer og ikkje-medlemer av Næringshagen. Ta kontakt med arrangement@hardangervoss.no for å motta invitasjon i framtida!