Lastar Hendingar

Bygg-, anlegg-, og eigedomsforum, Hardanger

22. januar kl 15:00 - 18:00

Etter ei vellukka prøvesamling i november, inviterer me på nytt etter ynskje frå bedriftene om å samle BAE-bransjen til eit fagleg nettverk.

bygg-1024x1024-panorama-dcccb178172808666cc9fd68b718015d-u3idoxz09r75 (2)

Bygg, anlegg og eigedomsbransjen står framfor store utfordringar, krevjande konjunktursvingingar og ikkje minst spennande moglegheiter no og i framtida. Kva må til for at distrikta skal halda tritt med utvikling og omstilling? Kva samarbeidsmoglegheiter finst i vår region? Korleis styrkje vi  konkurransekrafta? Dette er tema på bransjesamlingane som bedriftene må ha eit sterkt eigarskap til og de kan kome med innspel til andre tema og føredragshaldarar til framtidige samlingar.

Vonar at dette programmet kan inspirere og gje ny kunnskap:

Program

Kl. 15.00: Velkomen og ei presentasjonsrunde ved Sigmund Vereide HVNH

  • Mat og bransjemingling
  • Presentasjon av Dalatunvegen 40 ved dagleg leiar Rene Sæthre
  • Hardanger AKS ved dagleg leiar Øyvind Aksnes
  • Korleis vinne offentlege anbod? Advokat og partner i Stiegler AS Harald Alfsen
  • Workshop

Påmelding til arrangementet her.

Påmelding

Stad

  • Kantina Hardanger AKS
  • Dalatunvegen 40
    Norheimsund, 5600 Norway
    + Google-kart