Lastar Hendingar

Bygg, anlegg og eigedomsforum: Bruk og ombruk av tremateriale

18. april kl 15:00 - 18:00

Endeleg er det klart for Bygg, anlegg og eigedomsforum igjen! Dagens tema er bruk og ombruk av tremateriale, og me får fire spennande innlegg frå regionen.

xr:d:DAGBbwAnOiA:13,j:4210163547745685408,t:24040408

Velkomen til ny samling i Bygg, anlegg og eigedomsforum!

Etter førespurnad frå fleire deltakarar har me denne gongen fokus på tremateriale, med spennande innlegg frå vår region.

Påmelding HER.

Program: 
Med atterhald om mindre endringar

  • Bedriftspresentasjon Voss Byggsenter og Melstunet  v/ Ståle Rørlien, Voss Byggsenter
  • Materialbanken på Voss – prosjektpresentasjon  v/ Ina Marie Bollingberg, JCS AS
  • Trearkitektur og ombruk v/ Svein Øvsthus, HLM Arkitektur
  • Eg har draumejobben! Rehabilitering av bygg kombinert med siderproduksjon v/ Haakon Kvestad, Kvestad Sideri AS og Byggmeister Haakon Kvestad AS (sjølvsagt med smaking!)

Haakon Kvestad tek med seg sin eigen sider, og det vert omvisning og servert fingermat frå Vossakokken i kjøkkenavdelinga til Voss byggsenter.

Transport frå sentrum 14:45, og retur til sentrum etter arrangement. Oppmøtestad vert sendt ut i forkant.

Pris medlem: kr. 350
Pris ikkje-medlem: kr. 550

Arrangementet er åpent for alle i bransjen med interesse for tema!

Me sjåast til fagleg og sosialt påfyll hjå Voss Byggsenter!

Påmelding HER.

Stad

Voss Byggsenter
Brynalii 101
5705, 5705
+ Google-kart
View Stad Website