Lastar Hendingar

Eksport og internasjonalisering

6. november 2024 kl 11:30 - 14:30

På dette lynkurset med Innovasjon Norge tek me for oss moglegheiter, utfordringar, praktiske forhold og andre relevante faktorar knytt til internasjonalisering.

VHF_Workation_2023_Haara_187A1528_WEB

Mange norske verksemder vil før eller seinare vurdera å eksportera eller ekspandera til utanlandsmarknadene, men har ei rekkje spørsmål knytt til slik satsing. Kva kan Innovasjon Noreg hjelpa til med?

Kursansvarleg er Rolf H. Sørland, avdelingsleiar i Innovasjon Norge Vestland med kontorstad i Bergen. Han har ansvar for oppstart, skalering og internasjonalisering. Rolf er utdanna siviløkonom frå NHH og har lang fartstid i Innovasjon Norge, der han blant anna har vore nestleiar, kredittansvarleg og leiar for avdelinga for vekstverksemder og avdeling for entreprenørskap i Vestland. I perioden 2012-2019 leia han kontora til Innovasjon Norge i Canada og Italia.

Lynkurset vert arrangert digitalt. Kurset er gratis, men krev påmelding. Send ein e-post til Nils Lavik dersom du ynskjer å delta, så får du tilsendt Teamslenkje.