
HMS-kurs for leiarar
30. september kl 8:00 - 15:00
Alle leiarar har plikt til å ha naudsynt HMS-kompetanse, og på dette kurset får du det! Kurset gir deg ei praktisk og forståeleg innføring i regelverket, arbeidsgivar sitt ansvar, arbeidstakar si medverknad og korleis du gjennomfører systematisk HMS-arbeid i praksis. Målet er å gjere deg trygg i rolla og bidra til eit sikkert og godt arbeidsmiljø.
Kurset har ein ordinær pris på 3 500,-, men takka vere støtte frå Siva kan vi no tilby det til verksemder i Ullensvang til ein kraftig redusert pris – ei unik moglegheit du ikkje vil gå glipp av!
Manglande HMS-kompetanse kan føre til brot på lovverket, auka risiko for ulykker og sjukefråvær, og i verste fall ansvar for alvorlege hendingar. Med rett opplæring kan du førebygge problem, styrke arbeidsmiljøet og bygge ein kultur for tryggleik og trivsel.
-
Arbeidsmiljølova og relevante forskrifter
-
Arbeidsgivar sine plikter
-
Arbeidstakar sin rett og plikt til medverknad
-
Verneombodet og AMU si rolle
-
Bedriftshelsetenesta si funksjon
-
Inkluderande arbeidsliv (IA)
-
Systematisk HMS-arbeid
-
Arbeidsmiljøfaktorar og relasjonar
-
Rolleavklaringar og handtering av rollekonfliktar
Om kursleverandøren
Karine Einang og Paul F. Henriksen i Einang Safety Consult AS har over 40 års samla erfaring frå brann- og redningsvesen, politi, Forsvaret og industri. Dei tilbyr skreddarsydd rådgjeving og opplæring innan HMS, leiing, beredskap og tryggleik – til både private og offentlege verksemder.
Kursbevis
Alle deltakarar får kursbevis etter gjennomført kurs. Beviset dokumenterer deltaking og kan nyttast som stadfesting overfor arbeidsgivar eller i vidare kompetanseutvikling.
NB! Kurset er ikke tilstrekkelig for deg som er verneombud eller medlem av arbeidsmiljøutvalget (AMU).
Har du spørsmål knyttet til kurset? Ta kontakt
-
Karine Einang, tlf. 416 69 1889, e-post karine@einangsafety.no
-
Paul Henriksen, tlf. 932 97 784, e-post paul@einangsafety.no
-
Amanda Bjørnenak, tlf: 916 95 656, e-post amanda@nhullensvang.no
Kurset er eit samarbeid mellom fleire organisasjoner:
