
HO-styrer
25. juni kl 13:00 - 15:30
Velkomen til ei ny samling i HO – nettverket for kvinner som vil utvikla seg, dela og skapa saman.
Me har gleden av å invitera til ei ny samling i HO – nettverket for kvinner som vil utvikla seg, dela og skapa saman.
Denne gongen rettar me blikket mot styrerommet, og me ynskjer å inspirere fleire kvinner til å vurdere styreverv.
For anledninga har me henta inn 3 sterke kvinner som gjennom fagleg påfyll og deling av erfaringar skal gje oss eit innblikk i kva som er forventa av deg i styrerommet og kva som er eit godt fungerande styre!
Nina Stokke Tronsrud – Director i Aider virksomhetsstyring og styrearbeid Rammer og innhald for innlegget
Korleis få eit styre til å fungere som eit aktivt, verdiskapande organ i verksemda.
- Styresammensetningen i det verdiskapande styret
- Styrets overordnede ansvar, oppgåver og plikter
- Kjenneteikn ved godt verdiskapande styrearbeid
- Rollen som styremedlem – kva ein faktisk kan bidra med

Mona Hellsenes, nærings- og reiselivssjef Ulvik
Erfaringar frå styrearbeid
Eit styreverv set ulike krav til styremedlemmar og styreleiar. Kva rolle skal ein ha når ein tar på seg eit styreverv, og kva kompetanse kan ein bidra med?
Korleis rekruttere eit godt styre til eigen bedrift
Tankar og refleksjonar basert på ulike erfaringar frå store organisasjonar som Helsevest og Sykkel-VM, til små oppstartsbedrifter.

Anna Oppedal Tokheim, Hardanger saft og siderfabrikk
Frå ernæring til naturleg gjæring:
Anna er arbeidende styreleder i en liten familiebedrift som gjør sitt beste for å være fremoverlent og dra i samme retning, samtidig som man har ulike innfallsvinkler.