Lastar Hendingar

HO-leiar

16. april kl 16:00 - 19:30

Velkomen til ei ny samling i HO – nettverket for kvinner som vil utvikla seg, dela og skapa saman.

HO- leiar (1)

Sidan sist me møttest under HO – skapar på Ekstremsportveko i 2025, har det vore stille utad – men langt frå stille i kulissane. Mange av dykk har venta på fortsetjinga, og det gjer det ekstra kjekt å no endeleg kunna invitera til neste samling.

Me har brukt tida godt – lytta til innspel, samla erfaringar og arbeidd vidare med å forma HO som ein relevant, inspirerande og trygg møteplass. No ser me fram til å samlast igjen, med eit nytt tema:

HO – leiar

Denne gongen rettar me blikket mot leiarskap – både det å leia andre, og det å stå i eiga utvikling som leiar. Gjennom fagleg påfyll, personlege historier og gode samtalar ønskjer me å skapa ein arena der ulike perspektiv får plass, og der du kan kjenna deg att – eller bli utfordra.

HO er eit nettverk på tvers av bransjar, alder og erfaring – der målet er å byggja relasjonar, dela kunnskap og inspirera kvarandre i ei uformell og inkluderande ramme.

Me gler oss til å samla dykk igjen – til nye perspektiv, gode møte og inspirerande samtalar.

Velkomen til HO – leiar!

Program

📍 Hardanger og Voss Næringshage, Gondolbygget
🕓 Kl. 16:00 Fagleg program

🕢 Kl. 19:30 Felles middag på Eyyes for dei som ønskjer å halda fram samtalane i ei sosial ramme. Middagen er gratis.

 

Me får besøk av tre sterke stemmer innan leiarskap:

Åshild Lande
Direktør i PwC og psykologspesialist i organisasjonspsykologi.
Åshild har brei erfaring som rådgivar innan leiar- og leiargruppeutvikling, og har utvikla og gjennomført ei rekkje leiarprogram i både offentleg og privat sektor. I sitt inspirasjonsforedrag vil ho løfta fram ulike perspektiv på leiarskap – relevant både for deg som leiar, og deg som blir leia. Her vert det òg tid til dei gode samtalane på tvers.

Bilde

Helene Seim
Administrerande direktør i Boliden Odda.
Med over 20 års erfaring frå industrien, doktorgrad i materialteknologi og ei karriere som starta i produksjonen, har Helene gått heile vegen til toppleiing. Ho er kjend for sitt sterke engasjement for utvikling, tryggleik og berekraft – og for å bana veg for fleire kvinner i industrien.

Kvinner i industrien Industribilag 2014

Guro Valland
Ansvarleg redaktør og administrerande direktør i Bergensavisen.
Med bakgrunn frå mellom anna Avisa Hordaland og fleire sentrale roller i mediebransjen, vil Guro dela erfaringar frå si leiarrolle – med refleksjonar kring utfordringar, moglegheiter og læring undervegs. Ho er særleg engasjert i kvalitetsjournalistikk, digital utvikling og tydeleg leiarskap.

Guro Valland blir ny ansvarlig redaktør i BA

 

Kvinnenettverket HO, i samarbeid og me støtte frå;

Et bilde som inneholder Font, Grafikk, grafisk design, design KI-generert innhold kan være feil. Et bilde som inneholder Font, Grafikk, tekst, grafisk design KI-generert innhold kan være feil.

 

 

📌 Kva er HO?

HO er eit nytt nettverk for kvinner på tvers av bransje, alder og region, og som vil bygga relasjonar, dela erfaringar og bli inspirert.

Hensikta er å skapa ein arena for innovasjon og samarbeid – i ei uformell og trygg ramme.

Kvart arrangement får eit eige tema som vert spegla i namnet. Me samlast fleire gonger i året for å utforska aktuelle tema gjennom føredrag, diskusjonar og workshops, og ikkje minst – gode samtalar og sosialt fellesskap.

HO er for deg som vil bli inspirert, utvikla deg, dela kunnskap – saman med andre kvinner.

Påmelding

Stad

  • Gondolbygget
  • Evangervegen 3
    Voss, 5704