Lastar Hendingar

Julemøte med lunsj, Eidfjord

4. desember 2025 kl 9:00 - 12:00

Torsdag 4. desember inviterer Hardanger og Voss Næringshage og Eidfjord kommune næringslivet i Eidfjord til ein triveleg og inspirerande førjulslunsj. Dette er ein god anledning til å møtast, dela erfaringar og knyta nettverk i ei stemningsfull ramme — før me tar fatt på eit nytt år med nye moglegheiter.

Invitasjon - Julemøte i Eidfjord (1920 x 1080 px)

Stad: Studiesenteret, Lægreidvegen 2, 2.høgda, Eidfjord
Tid: 09:00 – 12.00
Dato: 4.desember

Dagens program: 

1. Næringshagen ønskjer velkomen og fortel om aktuelt
2. Kommunen informerer: Strategisk næringsplan, besøksforvaltning, vilkårsparkering (parkeringsforeskrift) Kjærøyna, status cruisekai.
3. HVK Studiesenter: Silje presentera satsinga på lokal, høgare utdanning i vår region. Barnehagestudiet, Digitale emne ved UiB, mm
4. Eidfjord næringslag presentera sitt arbeid v/ Jonas
5. God lunsj frå Vik Cafe

Påmeldingsfrist er 3. desember kl 12:00.

Har du spørsmål, ta kontakt med Kjersti Bjørke på kjersti@hardangervoss.no