
Kompetanseforum: NYE MARKNADER: Er produktet eller tenesta mi klar for eit nytt marknad?
23. september kl 9:00 - 10:00
Webinar om vegen frå å vere ein lokal aktør til å nå nye marknader.
NYE MARKNADER: Er produktet eller tenesta mi klar for eit nytt marknad?
Ønskjer verksemda di å vekse utanfor det marknaden de er i i dag? Det kan vere nye geografiske område eller andre typar kundar i Norge – eller til og med eksportmoglegheiter internasjonalt. I dette nettseminaret utforskar vi vegen frå å vere ein lokal aktør til å nå nye marknader.
Martin Olsen er internasjonaliseringsrådgjevar i Innovasjon Norge, og vil fortelje kva spørsmål verksemda bør stille seg før ho siktar mot å utvide til nye marknader.
I dette nettseminaret vil Martin fokusere på følgjande problemstillingar:
- Kva er eit nytt marknad, og korleis finn de det som passar best for dykk?
- Har de det rette produktet, eller må det utviklast?
- Har verksemda ressursane internt – eller kva skal til for å kome dit?
Målet med nettseminaret er å setje i gang viktige tankeprosessar, slik at du som deltakar får eit betre grunnlag for å vurdere om, når og korleis det kan vere rett å ta steget inn i nye marknader.
Velkomen til fysisk samling!
Hardanger og Voss Næringshage, Næringshagen i Ullensvang og Kvinnherad Næringsservice inviterer til felles vising av webinaret på storskjerm, med enkel servering i desse lokala:
- Voss: Hardanger og Voss Næringshage i Gondolbygget
- Odda: Næringshagen i Ullensvang på Smelteverket
- Husnes: Kvinnherad Næringsservice
Etter webinaret vert det høve til diskusjon og refleksjon saman med våre dyktige rådgjevarar. Du kan òg velja å følgje webinaret digitalt – valet er ditt!
Lenkje til webinaret for dei som vil følgje digitalt og ikkje fysisk i Odda, Husnes eller Voss, vert sendt til dei påmelde dagen før.
Webinaret er gratis.
Det vert enkel servering på fysisk oppmøte.
Påmeldingsfrist: 22. august kl. 12.00