
Kurs i Excel, Odda
15. oktober kl 9:00 - 12:00
Ta kontroll på Excel i kvardagen. Lær dei viktigaste funksjonane for analyse, budsjett og ryddigare arbeidsflyt – utan å drukna i teori.
Dette innføringskurset er for deg som gjerne brukar Excel i jobben, men som kjenner at du eigentleg berre har skrapa i overflata av kva verktyet faktisk kan gjere. Me går gjennom smarte funksjonar, nyttige snarvegar og praktiske måtar å jobbe på – slik at du får meir gjort, med mindre frustrasjon.
Frå ergrelse til flyt, med Excel som medspelar
Kurset gir deg mellom anna innsikt i korleis du kan bruke Excel til å analysere data, lage budsjett, automatisere oppgåver samt analysere, sortere og presentere informasjon på ein profesjonell måte. Me viser korleis du kan spare tid, få betre oversikt og bruke verktyet til det det er meint for. Kurset passar perfekt for leiarar og medarbeidarar som vil løfte kompetansen, utan å drukne i teori. Hugs å ta med eigen PC der Excel er installert!
Lunsj er inkludert i prisen.
Om kursleiaren:
Bård Fatland er teknisk leiar i Voss Kommunikasjon, og har lang erfaring med drift, bruk og brukarstøtte av produkta i Microsoft 365-porteføljen. Bård held opplæring og kurs for verksemder i heile regionen, særleg innan Microsoft-verkty og IT-sikkerheit.
For spørsmål og meir informasjon, kontakt seniorrådgjevar Nils Lavik på nils@hardangervoss.no eller telefon 97117273.