Lastar Hendingar

Haustarrangement i Ullensvang og Kvinnherad

31. oktober 2023 - 12. desember 2023

Kurs og kompetanseheving

Lively closeup of falling autumn leaves with vibrant backlight from the setting sun

Hardanger og Voss Næringshage, Kvinnherad Næringsservice og Næringshagen i Ullensvang har i haust eit samarbeidsprosjekt, der me tilbyr kurs og kompetansehevande arrangement i Kvinnherad og Ullensvang. Førebels program – meir info om tidspunkt, stad, innhald og påmelding kjem etter kvart:

Innføring i strategi
Odda: 11.30-15.00 (tysdag 31.oktober)
Husnes: 09.00-12.30 (onsdag 1.november)

Kunstig intelligens: Kva er det, og korleis fungerer det?
Tidspunkt: Torsdag 16.november. Stad: Voss, Øystese, Odda og Husnes. Med forfattar og førstelektor på BI, Tarjei A. Heggernes

Innføring i leiing
Husnes: 8.30-12.00 (onsdag 29.november)
Odda: 8.30-12.00 (torsdag 30.november)

Bank & berekraftskrav
I samband med mellom anna EUs taksonomi og FNs berekraftsmål: Kva krav og vilkår kjem bankar til å stilla til verksemder som søkjer lån i framtida?
Dato og stad: Onsdag 6.desember, Husnes

Internasjonalisering i Hardanger
Siderprodusentane i Hardanger er ambisiøse, og dei veks. Korleis kan dei satsa på eksport, med optimal sjanse for å lukkast?
Tid og stad: Fredag 8.desember kl. 10.00 – 16.00, Hardangerfjord Hotel, Øystese

ChatGPT: Kva er det, og korleis bruka det mest mogleg konkret og effektivt?
Dato: Tysdag 12.desember, med Digital Norway