Lastar Hendingar

Last Thursday Sumarfest!

25. juni kl 15:00 - 22:00

Årets sumarfest i Veko-teltet! Ekstremsportveko og Hardanger og Voss Næringshage inviterar til ein herleg sumarfest for deg og alle dine tilsette.

LAST THURSDAY 2026 (2)

Tradisjonen tru inviterer Ekstremsportveko og Hardanger og Voss Næringshage til årets store sumartreff for næringslivet. Dette er dagen der fagleg påfyll, gode historier, kortreist mat og ekte Veko-stemning møtest i eitt og same program.

 

Billettsalet er starta; samla troppane til neste fellesmøte for bestilling, eller bestill billettane dine med ein gong!

 

Dato: 25. juni

Tid: Dørene opnar 15:00. Program frå 15:30

Lokasjon: Ekstremsportveko Lounge 20+

 

 

Høgdepunkt du ikkje vil gå glipp av:

 

  • Verdsmeister Odd-Bjørn Hjelmeseth kjem for å dela erfaringar frå idrett, prestasjon og motivasjon.

  • Kai Myklatun frå Pota Madre kjem med ei heilt spesiell historie om gründerkraft, utvikling og det å byggja noko eige.

  • Voss herad deler ut Årets Bedriftspris – ei viktig anerkjenning av lokalt næringsliv.

  • Det vert grillbuffet, sommarstemning og god tid til å møta folk på tvers av bransjar.

  • Utover kvelden held stemninga fram i teltet med dagens video, OnkelP og Death by Unga Bunga.

  • Og mykje meir, fullstendig program kjem snarleg!

 

Dette er eit perfekt opplegg for deg som vil samla kollegaer, samarbeidspartnarar eller vener til ein sosial og inspirerande sumarfest midt i Veko-stemninga.

 

Ynskjer du å bestilla på faktura, send e-post til lilly@hardangervoss.no

Påmelding

Stad

  • Loungeteltet Ekstremsportveko
  • Prestegardsalleen 140
    Voss, 5700 Norway
    + Google-kart