Lastar Hendingar

Last Tuesday – Tema: Handel og reiseliv

2. mai 2023 kl 17:00 - 20:00

Velkomen til Last Tuesday Last Tuesday! Kom og høyr siste nytt om framtidsplanar og større prosjekt innan handel og reiseliv! Tema for dagen: Handel og reiseliv.

LT sommer 2023 flat

Me ynskjer å fortelja om alt det kjekke som skal skje i bygda framover, blant anna nye vyer for Smalahovesleppet, Landsskyttarstemne 2023 som skal arrangerast på seinsommaren, Kompani Lauritzen og Ekstremsportveko som feirar 25 år.

Hjarteleg velkomen til alle næringsdrivande i regionen (ikkje berre handel og reiseliv)!
Det vert sjølvsagt tid til litt sosialt og å prata med andre verksemder i bygda.

Stad: Fleischer’s Hotel
Tidspunkt: 17:00 – 20:00

Program:
Velkommen og nyhende frå Visit Voss og Voss Sentrum
Fleischer’s – kva planar har dei for hotellet?
Voss Cup, Hallgeir Finnbråten
Landsskyttarstemnet 2023
Smalahovemiddagen er tilbake, Hedvig Røhnebæk
Ekstremsportveko – korleis feirar dei 25 årsjubileum

Lett servering og kaffe.

Meld deg på og ta med alle kollegaene dine!
Arrangementet er gratis for medlemmer.

Stad

Fleischers
Evangervegen 13
Voss, 5704 Norway
+ Google-kart
View Stad Website