Lastar Hendingar

Leiarprogram i Eidfjord, Øystese og Voss

3. desember 2024 kl 9:30 - 6. mai 2025 kl 15:00

Dette programmet er skreddarsydd for deg som vil utvikle deg som leiar og bidra til å skape ei sterkare og meir innovativ organisasjon. Over seks samlingar får du høve til å utveksle erfaringar, lære frå andre dyktige leiarar, og ikkje minst - å bygge eit nettverk som vil vare.

Leiarprogam (Presentasjon)

Eit leiarprogram har vore etterspurd over tid i regionen. Hardanger og Voss Næringshage har tung erfaring innan leiarutvikling og tilbyr endeleg eit leiarprogram over seks samlingar.

NB! Me arrangerer to leiarprogram. Eitt i Eidfjord, Øystese og Voss, og eitt i Odda og Husnes.

Samlingane i programmet inkluderer:

1.Leiarrolla rundt strategi og organisasjonsutvikling

Når: 3.desember kl. 09.30 – 15.00 inkl. lunsj

Stad: Gondolbygget, Voss

Tema: Lær korleis du kan styrke strategien og utvikle organisasjonen din på ein måte som driv resultata framover.

 

2. Leiarsamhandling med eit motivert styre og eigen leiargruppe

Når: 7. januar kl. 09.30 – 15.00 inkl. lunsj

Stad: Gamle Fruktlageret, Øystese

Tema: Få innsikt i korleis du kan skape engasjement og samhandling med styret og din leiargruppe for betre resultat.

 

3. Moderne leiing

Når: 4. februar kl. 09.30 – 15.00 inkl. lunsj

Stad: Sentrumstunet, Eidfjord

Tema: Utforsk dei nyaste trendar innan leiing, og korleis dei kan hjelpe deg til å bli ein meir effektiv og inspirerande leiar.

 

4. Å byggja og leia effektive team

Når: 1. april kl. 09.30 – 15.00 inkl. lunsj

Stad: Gondolbygget, Voss

Tema: Få verktøya du treng for å bygge eit høgtytande team og lei det mot felles mål.

 

5. Meg som leiar

Når: 6. mai kl. 09.30 – 15.00 inkl. lunsj

Stad: TBA

Tema: Oppdag og utvikle di eiga leiarskap, og korleis du kan nytte dine styrker til å motivere og inspirere andre.

 

6. Ynskjetema frå deltakarane

Når: juni TBA kl. 9.30 – 15.00 inkl. lunsj

Stad: Sentrumstunet, Eidfjord

Dette er din sjanse til å utforske tema som du som deltakar ønskjer å dykke djupare inn i.

 

Praktisk informasjon:

Gjennomføring:

  • Seks fysiske samlingar som byggjer på kvarandre
  • Teori, praktiske øvingar, gruppeaktivitetar, diskusjonar
  • Dyktige føredragshaldarar etter tema og erfarne kurshaldarar

MÅL og nytteverdi:

  • Påfyll, bevisstgjering, justering av eiga rolle
  • Utvida leiarnettverk

Kven høver dette for?

  • Nye og erfarne leiarar – grupperast gjerne etter erfaring i noko arbeid

Antal plassar:

15

Pris:

Medlemmar: 8500,-

Andre: 15 000,-

For spørsmål knytt til leiarprogrammet, kontakt seniorrådgjevar Kjersti Bjørke.