
Leiarprogram i Odda og Husnes
5. desember 2024 kl 9:30 - 8. mai 2025 kl 15:00
Dette programmet er skreddarsydd for deg som vil utvikle deg som leiar og bidra til å skape ei sterkare og meir innovativ organisasjon. Over seks samlingar får du høve til å utveksle erfaringar, lære frå andre dyktige leiarar, og ikkje minst - å bygge eit nettverk som vil vare.
Eit leiarprogram har vore etterspurd over tid i regionen. Hardanger og Voss Næringshage har tung erfaring innan leiarutvikling og tilbyr endeleg eit leiarprogram over seks samlingar.
NB! Me arrangerer to leiarprogram. Eitt i Odda og Husnes, og eitt som går i Eidjord, Øystese og Voss.
Samlingane i programmet inkluderer:
1.Leiarrolla rundt strategi og organisasjonsutvikling
Når: 5.desember kl. 09.30 – 15.00 inkl. lunsj
Stad: Smelteverket, Odda
Tema: Lær korleis du kan styrke strategien og utvikle organisasjonen din på ein måte som driv resultata framover.
2. Leiarsamhandling med eit motivert styre og eigen leiargruppe
Når: 8. januar kl. 09.30 – 15.00 inkl. lunsj
Stad: Kvinnherad Næringsservice, Husnes
Tema: Få innsikt i korleis du kan skape engasjement og samhandling med styret og din leiargruppe for betre resultat.
3. Moderne leiing
Når: 5. februar kl. 09.30 – 15.00 inkl. lunsj
Stad: Smelteverket, Odda
Tema: Utforsk dei nyaste trendar innan leiing, og korleis dei kan hjelpe deg til å bli ein meir effektiv og inspirerande leiar.
4. Å byggja og leia effektive team
Når: 5. mars kl. 09.30 – 15.00 inkl. lunsj
Stad: Kvinnherad Næringsservice, Husnes
Tema: Få verktøya du treng for å bygge eit høgtytande team og lei det mot felles mål.
5. Meg som leiar
Når: 5.mai kl. 09.30 – 15.00 inkl. lunsj
Stad: TBA
Tema: Oppdag og utvikle di eiga leiarskap, og korleis du kan nytte dine styrker til å motivere og inspirere andre.
6. Ynskjetema frå deltakarane
Når: juni TBA kl. 9.30 – 15.00 inkl. lunsj
Stad: Kvinnherad Næringsservice, Husnes
Dette er din sjanse til å utforske tema som du som deltakar ønskjer å dykke djupare inn i.
Praktisk informasjon:
Gjennomføring:
- Seks fysiske samlingar som byggjer på kvarandre
- Teori, praktiske øvingar, gruppeaktivitetar, diskusjonar
- Dyktige føredragshaldarar etter tema og erfarne kurshaldarar
MÅL og nytteverdi:
- Påfyll, bevisstgjering, justering av eiga rolle
- Utvida leiarnettverk
Kven høver dette for?
- Nye og erfarne leiarar – grupperast gjerne etter erfaring i noko arbeid
Antal plassar:
15
Pris:
Medlemmar: 8500,-
Andre: 15 000,-
For spørsmål knytt til leiarprogrammet, kontakt seniorrådgjevar Kjersti Bjørke.