Lastar Hendingar

Makroseminar 2023

23. november 2023 kl 16:00 - 20:00

Hardanger og Voss Næringshage - i samarbeid med Vekselbanken - inviterar til det årlege makroseminaret torsdag 23. november.

MAKROSEMINAR-5

Ljose utsikter – om me vil💥

Seminaret vil ta for seg status for global-, nasjonal- og regional økonomi – sett både frå ein makroøkonom og frå næringslivet i regionen si side. Utvikling siste år, framtida og utfordringar er sentrale tema.

Jan Ludvig Andreassen frå Eika Gruppen vert også i år hovudføredragshaldar. Andreassen er sjefsøkonom i Eika Gruppen med hovudansvar for overvaking av makroøkonomi i inn- og utland. Andreassen har arbeidd med makroøkonomiske analysar i mellom anna DNB, Alfred Berg og Norges Bank.

Dette vil vera det niande året han vitjar makroseminaret som føredragshaldar. I tillegg vert det informasjon og ein debatt med hovudtema: Voss Næringsråd si rolle i regionen, og samarbeidsmoglegheiter overfor næringsliv og andre næringsråd.

 

Arrangementet startar kl.16
Middag kl. 18:30

Prisar:
Medlemmer Hardanger og Voss Næringshage eller bedriftskunder Vekselbanken: kr. 350
Ikkje-medlemmar/kundar: kr. 950
Prisen inkluderar middag og gondolbillett t/r Hangurstoppen

 

Stad

Hangurstoppen restaurant
Hangurstoppen
voss, 5700 Norway
+ Google-kart