Lastar Hendingar

Makroseminar 2024

21. november 2024 kl 16:30 - 21:00

Hardanger og Voss Næringshage - i samarbeid med Vekselbanken - inviterar til det årlege makroseminaret torsdag 21. november.

MAKROSEMINAR-6-kopi

Noreg 2.0: Framtidsvyer for eit Noreg med for mykje pengar men for få fagfolk

Korleis vert Noregs vekst og inflasjon påverka av dei geopolitiske spenningane og den politiske utviklinga i verda? Tradisjonen tru vert også i år Jan Ludvig Andreassen hovudføredragshaldar. Som sjefsøkonom i Eika Gruppen med hovudansvar for overvaking av makroøkonomi i inn- og utland, vil Andreassen presentere framtidsvyer for eit Noreg med for mykje pengar men for få fagfolk.

Paneldebatt: Er Voss budd på K5?

K5 byr på både moglegheiter og utfordringar, men er me eigentleg klare? Det er no gode strategiar må leggjast, og Vossingane må vera på ballen.

Debatten vert leia av Tor Halvorsen, stabssjef innbyggjarservice i Voss herad.

I panelet:
Kaia Finne, Næringssjef Voss Herad
Nils Akselberg, Vossaløysinga
Atle Kvamme, Dagleg leiar K5 alliansen
Martin Kulild, Rådmann Voss Herad
Rune Opheim, sivilingeniør og byplanlegger Civitas
Anne Katrine Herdlevær, Assisterande prosjektleiar Arna-Stanghelle

 

Program:

16.30: Arrangementet startar med mingling og fingermat
17.00: Føredrag og debatt
19.00: 2 retters middag
22.00: Siste gondol ned

Prisar:
Medlemmer Hardanger og Voss Næringshage eller bedriftskunder Vekselbanken: kr. 400
Ikkje-medlemmar/kundar: kr. 1000
Prisen inkluderar: fingermat ved ankomst, 2 retters middag, kaffe/te og gondolbillett t/r Hangurstoppen.

Ynskjer du å betala på faktura utan gebyr kan du senda e-post til: arrangement@hardangervoss.no
(Om du vel fakturaløysing via påmeldingslinken kjem det eit gebyr på 100kr per bestilling)

Makroseminaret har vorte ein populær tradisjon hjå oss og det er no det ellevte året samarbeidsarrangementet går av stabelen! Som tidlegare år vert denne kvelden ein møteplass på tvers av bransjar, med fagleg påfyll og middag!

Påmelding

Stad

Hangurstoppen restaurant
Hangurstoppen
voss, 5700 Norway
+ Google-kart