Lastar Hendingar

Ope informasjonsmøte om den nyetablerte portalen Styrekandidat Hardanger og Voss 18. mars i Øystese

18. mars kl 15:30 - 17:30

Er du interessert i styreverv? Kva ser bedriftene etter når dei søkjer styremedlemmer? Treng di bedrift nye styremedlemmer, eller er du berre litt nysgjerrig?

Styrearbeid

Dersom du kan tenkje deg å bli ein ressurs for dei mange styra i Hardanger og Voss, må du kome på informasjonsmøtet om styrearbeid og den nye portalen Styrekandidat som er etablert.

Dette er ikkje eit styrekurs, men heller eit informasjonsmøte der me informerer og drøftar spennande tema om det viktige vervet du får som styremedlem. Kva forventningar som vert stilte frå både eigarar, dagleg leiar og andre styremedlemmer.

Anne Marie Øvrevik og Sigmund Vereide deler sine erfaringar frå styrerommet. Rådmann i Kvam herad, Anita Hesthamar vil seie noko om det særeigne ved å sitje i styre i kommunalt eigde selskap. Til slutt vert Styrekandidat – portalen presentert av Sigmund Vereide.

Kurset vert arrangert av Hardanger og Voss Næringshage i samarbeid med Kvam Herad.

Vi startar med mat kl. 15.30 og avsluttar 17.30.

Stad: Fruktlageret, Sjusetevegen 27
Tid: 18. mars

Sjå portalen for info og registrering; Styrekandidat – Hardanger og Voss

Påmelding

Stad

  • Hardanger og Voss Næringshage avd Øystese
  • Sjusetevegen 27
    Øystese, 5610
    + Google-kart