Lastar Hendingar

Ope informasjonsmøte om ny styredatabase

26. februar kl 15:00 - 17:30

Er du interessert i styreverv? Kva ser bedriftene etter når dei søkjer styremedlemmer? Treng di bedrift nye styremedlemmer, eller er du berre litt nysgjerrig?

Styrearbeid

Dersom du kan tenkje deg å bli ein ressurs for dei mange styra på Voss og i Hardangerregionen, må du kome på informasjonsmøtet om styrearbeid og den nye styredatabasen som er under etablering.

Dette er ikkje eit styrekurs, men heller eit introduksjonskurs der me informerer og drøftar spennande tema om det viktige vervet du får som styremedlem. Kva forventningar som vert stilte frå både eigarar, dagleg leiar og andre styremedlemmer. Kurset vert arrangert av Hardanger og Voss Næringshage i samarbeid med Voss herad.

Initiativtakarane Stein Kvarekvål og Sigmund Vereide deler sine erfaringar frå styrerommet. Rådmann i Voss herad, Martin W. Kulild, vil seie noko om det særeigne ved å sitje i styre i kommunalt eigde selskap.

Det vert enkel servering og tid til å mingle.

Stad: Evangervegen 3, 5704 Voss (Turistinformasjonen)
Tid: 26. februar 15.00 – 17.30

Meld deg på her

Stad

  • Turistinformasjonen
  • Evangervegen 3
    Voss, 5700 Norway
    + Google-kart