
Salskurs med Line Blomlie
3. mai 2023 kl 17:30 - 19:30
Kurset vil gi kunnskap om: -kvifor og korleis kundar eigentleg kjøper -tillitsskapande åtferd -makta i dei gode spørsmåla -korleis motivera kundar til kjøp og meirsal -ulike closingteknikker -korleis få kundane dine til å bli ambassadørane dine ved å gi dei litt meir enn dei forventar.
Superseljaranes hemmeligheiter – kva gjer dei aller beste?
Line Blomlie har vore hos oss fleire gonger tidlegare og me har fått så gode tilbakemeldingar at me har valt å invitera ho på nytt. Me oppmodar om å melda dykk på i god tid!
Line har trena meir enn 25.000 seljarar i ca 200 ulike verksemder gjennom meir enn 20 år og sett eit klart mønster på kva dei aller beste gjer for å lykkast som sel. Denne innsikta deler ho no med oss.
Kven er Line Blomlie? Line har i tillegg til å vera ein erfaren kurs og føredragshaldar ein imponerande karriere frå bilbransjen der ho på åttitalet var ein av Noregs fyrste kvinnelege bilseljarar, og var toppseljar av Volvo alt som 21-åring. Ho har vore både salssjef og salsdirektør i Noregs største bilkjede på nittitallet der ho løfta bilsalet frå 700 til 4000 bilsal i året. I 2002 tok ho over ein bilforhandlar som var konkurs og som adm dir i nytt selskap firedobla ho salet, og forhandlaren gjekk frå 47. plass til 2. plass på kundetilfredsheitsmålinga til importøren på eitt år.
Sitat Finansavisen 07.08.21: «Ho har halde kurs og foredrag for meir enn 25.000 deltakarar dei siste 20 åra og Talerlisten omtaler henne som ein av Noregs mest erfarne foredragshaldarar innan leiarutvikling, sal og sjølvleiing.»